Om skulen

Uskedalen skule har 83 elevar, frå 1.-7.trinn.

Uskedalen skule ligg nokre få meter frå sjøen i sentrum av Uskedalen. Vi disponerer, i tillegg til uteområdet til sjølve skulen, ein kunstgrasbane for fotball og ein klatrepark, med tilhøyrande stiar og terreng for ulike aktivitetar. Skulen set fysisk aktivitet høgt, og vi har ei eiga skuleløype som elevane går/spring i jamnleg. I tillegg har vi eit flott samarbeid med Uskedal Idrettslag og Kvinnherad Vekstbedrift, som gjer at vi kjem oss ut til fleire av fjelltoppane våre.

Skulen arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i nærmiljøet. Vi er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen vår.