Følgjande saksområder er mellom dei som ligg til formannskapet:

  • Politiske samordningsoppgåver
  • Leia og samordna årsbudsjett- og økonomiplanarbeidet i samsvar med kommunelova
  • Leggja fram forslag til årsbudsjett og økonomiplan for kommunestyret
  • Samordna og fremja handlingsplan for kommunestyret I
  • Interkommunalt samarbeid
  • Samferdsle og kommunikasjonar
  • Gjennomføring av kommunale investeringsoppgåver
  • Innstilling til kommunestyret i større tverrsektorielle planar
  • Utarbeiding og rullering av kommuneplanar  og arealplanar med innstilling til kommunestyret
  • Innstilla godkejenning av reguleringsplanar til kommunestyret
  • Fastsetja planprogram for reguleringsplanar som ikkje er i samsvar med overordna plan
  • Styre for Næringsfondet
  • Næringsutvikling, sysselsetjing og arbeidsplassutvikling
  • Energispørsmål
  • Sals- og skjenkesaker (m.a. gje løyve og inndra løyve)
  • Andre lovpålagde oppgåver
  • Valstyre (eige utval - 5 medlemmer)
  • Ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker.

Utvida mynde i haste-saker
Formannskapet har mynde til å treffa vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna organ, når vedtak må gjerast så raskt at det ikkje er tid til å innkalle dette.  Melding om slike vedtak skal leggjast fram for vedkomande organ i neste møte.

Her finn du møteoversyn og medlemmer.