Kven kan få følgjekort?

Følgjekort er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement.

Følgjekort vil blant anna vere aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Hørselshemming
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Funksjonsnedsettingar som følgje av sjukdom, t.d. psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna

Det er ikkje nedre aldersgrense for kven som kan får følgjekort i Kvinnherad kommune

Korleis kan ein nytta følgjekort?

Det er den enkelte arrangør eller tilbydar som avgjer om ein aksepterer følgjekort, og kva rabatt følgjekortet i tilfelle gjev.

Ein skal kunna få informasjon om kva stader følgjekortet kan nyttast hos kommunen, men ein kan også venda seg direkte til arrangør eller tilbydar med spørsmål om dei aksepterer følgjekort.

Korleis kan ein søkja om følgjekort?

Dersom ein har behov for følgjekort skal ein søkje om dette på søknadsskjema som ein finn her: Søknad om følgjekort

Kommunen skal fatta skriftleg vedtak anten ein får innvilga følgjekort eller ikkje. Dersom ein får avslag på søknaden skal vedtaket innehalda grunngjeving for det.

Klage på avslag om følgjekort

Dersom ein får avslag på søknaden om følgjekort, kan ein klaga på dette. Ein skal få rettleiing frå kommunen på korleis ein klagar.

Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdera søknaden på nytt.

Lenkjer

Pasient- og brukarombodet kan hjelpa med spørsmål om helsetenester, og gjev råd og rettleiing om rettane ein har.

https://pasientogbrukerombudet.no/hvordan-kan-vi-hjelpe

Lover og forskrifter:

Pasient- og brukerrettighetslova