Min Barnehage føresett–app har foreløpig desse funksjonane:

  • Skriva meldingar til barnehagen og motta meldingar frå barnehagen
  • Melde fråvær på barnet eller liknande
  • Sjå informasjon om barnet i form av bilde, namn og avdeling
  • Barnehagen kan sende ut beskjedar til ein heil avdeling/ heile barnehagen – einvegskommunikasjon 
  • Føresette kan skrive meldingar til barnehagen og mota meldingar frå barnehagen – tovegskommunikasjon
  • Dagbok – korte artiklar med tekst og bilde frå barnehagen
  • Samtykke for ditt barn

 

Når det kjem til foreldreansvar

Rett på informasjon om barnet frå barnehagen er avhengig av foreldreansvar i høve barnelova kap 5, jf. § 47. Foreldreansvar inneberer rett og plikt for forelderen til å bestemma for barnet i personlege forhold.

Forelderen skal utøva foreldreansvaret utifrå barnets behov og interesser.

Foreldre som bur saman eller er gift har som utgangspunkt foreldreansvar for felles barn. Foreldreansvaret er overordna omgrep som fast bustad og samværsordningar. 

Dersom foreldre med felles foreldreansvar flyttar frå kvarandre fortset dei å ha felles foreldreansvar, med mindre dei skriftleg har avtalt noko anna, eller det føreligger ein rettslig dom.

Barnehagen må underrettast dersom det førekjem endringar i foreldreansvaret for barnet.

Føresett–appen vart lanser 14. September 2020

 

Link til opplæringsvideo:

Video Min Barnehage foresatt