Newton Kvinnherad er ein felles læringsarena for alle barn og unge i Kvinnherad. Her tilbyr kommunen, i samarbeid med Hydro Husnes, praktisk undervisning i realfag i eit moderne undervisningslokale. I Newton-rommet får elevar og barn møta matematikk, naturfag og teknologi gjennom praktiske og spanande undervisningsopplegg. 

Vi har som mål at dei som besøker Newton skal ha stort læringsutbyte og gode læringsopplevingar.

Lærarar.jpg

Kvinnherad kommune har tilsett to dyktige realfagslærarar. Dei heiter Helena Espevik og Matthias W. Zimmermann.
(Foto: Elisabeth Berg Hass/Kvinnheringen)

 

For meir informasjon: Newton Kvinnherad

Ein kan også følgja Newton Kvinnherad på Instagram: www.instagram.com/newton.kvinnherad/