Kommunen har eit felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester. Dette skal òg brukast når du ynskjer å søkje opphald i institusjon eller omsorgsbustad. Søknaden skal sendast rådhuset i Rosendal pr. post. Vi kan ikkje ta imot elektronisk søknad.

Slik søker du

  • Ved søknad om opphald i sjukeheim/omsorgsbustad, uansett type opphald, hentar vi inn informasjon om helsetilstand og behov for tenestene frå lege

  • Ved søknad om plass i avdeling for demente, må det visast til ein dokumentert diagnose frå lege om demenssjukdom

  • Ved søknad om omsorgsbustad/bufellesskap er det viktig å få med opplysningar om bustaden du bur i

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt

  • Det er ikkje søknadsfrist, søknadar vert behandla fortløpande

Du får svar innan 4 veker. Dersom saka ikkje kan handsamast innan den tid, vil du få eit mellombels svar med grunngjeving og kva tid du kan forvente svar.

Klage
Dersom du får avslag på søknaden din, vil me grunngje dette. I svaret får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Aktuelle skjema/lenker
Søknad om helse og omsorgstenester 2017.pdf
Søknad om kommunal bustad 2017.pdf
Forskrift om institusjonsopphald
Lokal forskrift