Målet er at alle barn skal oppleva eit inkluderande læringsmiljø som gjer at dei trivest godt, får utnytta læringspotensialet sitt og er fri for alle typar krenking og mobbing. For å nå dette store målet, er alle barnehagar og skular no med i satsinga inkluderande barnehage- og skulemiljø, i regi av Udir.

Utviklinga og forbetringa av skulemiljøet skal skje gjennom kompetanseheving av tilsette med utgangspunkt i lokale utfordringar og problemstillingar, såkalla skulebasert kompetanseutvikling. Arbeidet skjer gjennom kurs, nettverk, lokalt samarbeid og oppfølging av skulane og barnehagane av ressurspersonar sentralt i kommunen.

Det overordna målet for skulen er:
Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette gjeld både for det psykiske og det fysiske læringsmiljøet, jf. Oppl § 9A-2

Skulen skal ha nulltoleranse for alle typar krenkingar og arbeida kontinuerleg og systematisk for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø, fritt for alle typar krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det er den einskilde elev si oppleving av skulemiljøet som er avgjerande.

Alle som arbeider på skulen har aktivitetsplikt for å sikre at elevane har det trygt og godt, jf. Oppl § 9A-4. Dette betyr at alle som arbeider på skulen skal følge med på at elevene har det det trygt og godt.¨Dersom ein vaksen har mistanke om, ser eller får melding om at ein elev blir krenka eller ikkje har eit trygt skulemiljø, skal ho/han alltid:

  • gripe inn og stoppe krenkinga, dersom mogeleg
  • varsla til rektor
  • undersøke det som har skjedd

Rektor har ansvar for å setja inn eigna tiltak slik at eleven opplever skulemiljøet som trygt og godt. Planlagde tiltak og gjennomføring skal dokumenterast i ein aktivitetsplan. Rektor skal informera foreldre/føresette om kva som blir gjort, og du og barnet ditt har rett til å bli høyrde.

Denne retten og plikta gjeld i heile skuletida, SFO og leksehjelp.

Elev eller føresett kan ta kontakt med skulen og be om at det vert sett i verk tiltak dersom eleven ikkje opplever at retten er i ivareteken. Fylkesmannen i Hordaland er handhevingsinstans om ein opplever at retten til eit trygt og godt skulemiljø ikkje vert oppfylt.

For spørsmål eller hjelp, ta kontakt med skulen der bornet ditt er elev.