Kommunelova og ungdomsråd
I 2019 kom kravet om at alle kommunar skal opprette ungdomsråd. Dette fylgjer av den nye kommunelova. Denne lova trer i kraft hausten 2019 frå og med det konstituerande møtet i kommunen ved starten av valperioden for 2019-2023. Ungdomsrådet skal ha same politiske forankring og rammevilkår som Eldrerådet og Rådet for menneske med funksjonsnedsetting.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange medlemar ungdomsrådet skal ha, og som vel rådet. Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar og fordeler andre aktuelle roller. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom. Departementet gir forskrift om oppgåver, organisering og sakshandsaming for ungdomsråd.

Prosjektgruppa sitt forslag har bakgrunn i BUFDIR sin rettleiar for ungdomsrådForskrift for medvirkningsordningar og Kommunelova § 5-2.

Kva er eit ungdomsråd?


Årsmelding 2022