Kvinnherad er ein langstrekt kommune som ligg langs Hardangerfjorden, sentralt plassert mellom Sunnhordland og Hardanger. Deler av Folgefonna nasjonalpark ligg og i Kvinnherad, og kommunen har ein variert geografi som famnar om alt frå idyllisk skjærgard til istidslandskap, stupbratte fjellsider,  mektige fossar og løyndomsfulle brearmar.

   

                                                                                            Rosendal

 

 

Kvart år kjem det mange tilreisande til kommunen, og mest kjent er nok turistbygda Rosendal, der ein finn den mest besøkte attraksjonen Baroniet Rosendal omringa av den flotte Rosendal Have. Baroniet Rosendal har kvart år eit innhaldsrikt kulturprogram i sommarsesongen.

I Rosendal finn ein og Folgefonnsenteret som opna mai 2017 og er eit spennande senter for deg som ønskjer å læra meir om naturen på Folgefonnhalvøya og miljøet her. I Folgefonnsenteret finn du og Turistkontoret, som er drifta av Kvinnherad Kommune.

                                                                     

DJI_0105_600x449.jpg

  

5 km utanfor Rosendal sentrum finn du Galleri Guddal, som er eit moderne kunstgalleri på eit ærverdig gamalt tun.På Halsnøy finn du vakre og historiske Halsnøy Kloster, som er eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling,  museum og ein aktiv kulturarena.

For mange av våre besøkjande er det naturen som lokkar, og jamt fordelt utover heile kommunen finn ein 75 merka og skilta turstiar.

Ønskjer du å vera med på aktivitetar i naturen er det fleire som tilbyr spennande opplegg. Både Folgefonni Breførarlag og Explore Rosendal har ferdige og skreddarsydde opplevingar du kan vera med på. Eksempel: Padling på Møsevatnet, padling på fjorden eller guida fjell- og breturar. Du kan også bli med på rideturar i fjellet frå Åkra.

Andre stader vi anbefalar deg å besøkje er:

Du finn meir om tilboda i Kvinnherad her: www.visitkvinnherad.no

                                                                sykkel

Kvinnherad kommune er medlem i to destinasjonsselskap, og vert marknadsført gjennom desse:

www.hardangerfjord.com

www.visitsunnhordland.no

 

Vi ynskjer deg velkomen til vakre Kvinnherad