Ein skal søkja skriftleg når ein skal etablera ny avkøyrsle eller be om utvida bruk av avkøyrsle frå offentlig veg. Gjeld det avkøyrsle frå fylkes- eller riksveg finn du informasjon om dette på nettsida til Statens vegvesen. Gjeld det avkøyrsle frå kommunal veg så kan du lesa ei enkel rettleiing som gjeld for Kvinnherad kommune her.

Søknad skal sendast elektronisk her.

Dispensasjon frå byggegrense
Dersom ein treng søkje om dispensasjon frå byggegrense til veg i samband med etablering av bygg, murar, varerampar eller liknande innretning, kan ein nytta følgjande skjema:
Søknad om dispensasjon frå byggegrense.pdf

Utfyld skjema vert å senda til:
Kvinnherad kommune
Eining for veg og park
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Kontaktpersonar:
Sakshandsamar - Kjersti Leth Lønning: 913 30 568
Arbeidskoordinator - Øyvind Hardeland: 909 76 731