Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til barn, unge og vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

Ein kan søkje om:
*
Helsetenester i heimen
* Praktisk hjelp i heimen
* Aktivitetstilbod
* BPA (brukarstyrt personleg assistanse)
* Støttekontakt
* Avlastning
* Omsorgsstønad
* Pårørandestøtte
* Bustader, som omsorgsbustad, bufellesskap og bustad for vanskeligstilte

Aktuelle lenker
Søknadsskjema for helse og omsorgstenester
Brosjyre