Desse kommunale bygga er opne for utleige til organisert idrett for barn og unge under 20 år i eigen kommune:
  • Husneshallen og kommunale gymsalar.
Alle leigeobjekt:
  • Eit krav i samband med leige i denne perioden, er at ein skal gjennomføre reinhaldsopplæring i regi av Kvinnherad kommune før ein startar aktiviteten.
  • Vi gjer merksam på at Kvinnherad kommune har tilsynsansvar for å sjå til at krav til smittevern vert etterfølgt.
Ei ny vurdering av utleige vil skje fortløpande, og oppdatert informasjon vil vere å finne på Kvinnherad kommune si heimeside.
 
Vi vil i denne spesielle tida oppmode alle lag og organisasjonar om å vere kreative med å finne måtar for å kunne fortsetje og utøve aktiviteten sin og til å nytte seg av uteområder.
 
Hald dykk, til ei kvar tid,  oppdaterte på Folkehelseinstituttet sine smittevernsråd og vegleiarar og særforbunda sine bransjestandardar, og bruk desse som utgongspunkt for aktiviteten de driv med. (Sjå til dømes denne sjekklista)
 
Under finn du lenke til søknadsskjema som vi ber om at de brukar for å søkje.
 
Har du spørsmål eller anna, så ta kontakt på same epostadresse.
Lukke til med gjennomføring!
 
Søknadar om leige av Husneshallen eller kommunale gymsalar vert å sende til; booking.bygg@kvinnherad.kommune.no
 
NB! Det er eit krav at bransjestandard for aktiviteten og/eller arrangement vert sendt med søknadsskjema.
 
Under finn du lenke til søknadsskjema som vi ber om at de brukar for å søkje.
Du finn også ei rutine for korleis det er venta at reinhald skal gjennomførast i samband med leiga.
 
Har du spørsmål eller anna, så ta kontakt på same e-postadresse.
(Under finn du meir utfyllande informasjon om dette og søknadsskjema for leige frå 01.09.2020.)
 
 
 

 

I samband med koronapandemien har Kvinnherad kommune sine skuleanlegg for tida gult beredskapsnivå.  

Dette medfører ei avgrensing i utleige av kommunale bygg frå 01.09.2020.

Avgrensingar er gjort etter råd frå beredskapsgruppa i Kvinnherad kommune og kommuneoverlegen.