Mottakssenter / Møteplassen - Приймальний центр / місце зустріч (Lonavegen 59, Husnes)

Er bemanna tysdag og torsdag kl.10:15-12:45 - Відкрит у понеділок, середу та четвер з 10:15 по 12:45.

Her kan du møta andre som er i same situasjon som deg.
Du kan få råd, hjelp og informasjon om det du lurer på.
Pop up butikk – gratis brukte klede og utstyr.

Тут ви можете зустрітися з людьми, які знаходяться в такій же ситуації, як і ви.
Ви можете отримати пораду, допомогу та інформацію про те, що вас цікавить.
Pop-up shop - безкоштовний вживаний одяг та обладнання.

Informasjonshefte: Velkommen til Kvinnherad - Ласкаво просимо до Квіннгераду

Kvinnherad kommune tek i mot flyktningar frå Ukraina

Det kommunale tenesteapparatet riggar seg for å møta ei forventa auke i tal flyktningar til Kvinnherad etter invasjonen av Ukraina.

Norge har eit godt innarbeidd system for å handtera det formelle i slike situasjonar. Kvinnherad kommune vil etter oppmoding frå staten avgjera kor mange flyktningar me kan ta imot som ein konsekvens av krigen i Ukraina.

Integreringstenesta i kommunen er organisert i NAV. Tenesta har auka merksemd på flyktningstraumen som kan koma til Norge. Kommunen har lang erfaring med busetjing av flyktningar og førebur seg no på å kunna handtera ei eventuell auke etter oppmoding frå IMDI, så raskt som mogeleg.

Kommunen vil i første omgang nytta eigne bustadar, men det vil etter kvart kunne bli aktuelt å nytta private utleigebustader.

Slik kan du hjelpa

Ynskjer du å tilby husvære og/eller hjelpa med inventar som møblar og kvitevarer - send e-post til: ukraina.flyktning@kvinnherad.kommune.no

Send opplysingar om kva du vil bidra med og opplys om mengde og storleik. Det ein gjev frå seg må vera i god stand. Send gjerne med eit bilete.

Har du anna du vil og kan bidra med som leiker, hygieneartiklar, mat, dekketøy, handklede, sengetøy eller frivillig arbeid - send e-post til Frivilligsentralen på frivillig.sentralen@kvinnherad.kommune.no

Kommunen vil svara på alle tilbod om hjelp. Gjevar vil her få informasjon om tidspunkt og stad for levering.

Flyktning direkte til Kvinnherad? Kva skal ein gjera då?

Dersom du har slektningar og/eller nokon du kjenner som er komne til Kvinnherad, må du melda frå til kommunen slik at vi kan ivareta dei rettane som flyktningane har. 

Dette gjer du ved å senda ein e-post til: integrering@kvinnherad.kommune.no der du opplyser:

  • Namnet på flyktningen og fødselsår
  • Telefonnummer og namn til deg som har tatt imot
  • Kor bur de?

Dei må også melda seg hos politiet for å bli registrert. Dei kan møta hos lokalt politi i Stabburshaugen 5, Husnes, i opningstid kvardagar mellom 09-14. Politiet vil då registrera namn, telefonnummer og eventuell mellombels bustadadresse her i Kvinnherad. Dei vil òg kopiera ID-papira til flyktningen. Denne informasjonen og kopi av ID, vil politiet fortløpande senda til regionalt mottakssenter som tek kontakt og kallar dei einskilde inn etter avtale for fullregistrering av asylsøknad.

Dei som ikkje har bustadtilbod skal møta på Kokstad straks. Vest politidistrikt skal frå 16. mars drifta desentralisert senter for asylregistrering. Senteret skal handtera, og asylregistrera alle flyktningar som kjem til, eller har kome til Vestlandet.

Oppmøte for alle, er på Scandic Bergen Airport, Kokstadflaten 2, Kokstad. Dette hotellet vil også vera eit alternativ bustadtilbod for dei som ikkje har fått seg ein stad å bu.

Senter for asylregistrering vil vera rett i nærleiken av oppmøtestaden.

Dersom det vert endringar i dette opplegget, vil kommunen oppdatera informasjonen etter kvart.

Helsehjelp på turistvisum

Alle som oppheld seg i Norge, har rett til omgåande hjelp frå kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Dette vil sei at ukrainarar i Noreg som er her på turistvisum, har rett til omgåande hjelp.

Alle barn under 18 år som oppheld seg i Noreg har rett til både helse- og omsorgstenester. 

Personar frå Ukraina som oppheld seg hos vener og kjente i Kvinnherad på turistvisum kan ha rett på helse- og sosialtenester når dei ikkje har moglegheit for å reisa heim att.

Ukraina og vår beredskap

Det er mange som tek kontakt med Kvinnherad kommune som følgje av krigen i Ukraina. Det er bekymring, men også eit stort engasjement for å hjelpa. Dei vanlegaste spørsmåla er kor dei finn tilfluktsrom, når dei skal ta jod-tablettar og om kommunen treng hjelp til noko, til dømes det å busetja flyktningar

Justis- og beredskapsdepartementet har i skrivande stund ikkje gått ut med endra trusselbilete for Noreg som følgje av krigen i Ukraina.

Forståeleg nok er det likevel somme som er engstelege for at dette skal endra seg.

Jodtablettar
Fleire spør om jodtablettar. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite sannsynleg at krigen i Ukraina vil gje behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina oppmodar DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra heime, men hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.

Her får ein god informasjon om situasjonen i Ukraina frå DSA.

DSA oppmodar at kommunen har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Kvinnherad kommune har eit lager med jodtabelttar, og har bestilt fleire frå Helsedirektoratet. Nokre barnehagar og skular har òg fått utdelt jodtablettar.

Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. Då vil det koma oppmodingar i media og via DSA. Statsforvaltaren i Vestland har god informasjon om dette

Andre sikkerheitstiltak
Dersom eitt av Ukraina sine atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finna vegen til Noreg. Då kan andre sikkerheitstiltak bli aktuelt, som at folk blir oppmoda om å halda seg innandørs. I så fall vil det i god tid koma informasjon om tiltak.

Tilfluktsrom
Som nemnt er det ikkje kome varsel frå sikkerheitsmyndigheiter om auka trussel mot Noreg, men dersom du ønskjer å setja deg inn i kor du finn tilfluktsrom kan du finna informasjon om her.

Datasikkerheit
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål kan òg få indirekte konsekvensar for norske verksemder.

Kvinnherad kommune har beredskap når det gjeld cyberkriminalitet, og NSM oppmodar om at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar.

Som privatperson kan du vera ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale media og på usikre nettsider. Følg generelle råd for passordvern og datasikkerheit. Pass òg på kva du deler vidare i sosiale media. Det går føre seg ein kamp om sanninga, og det er lett å bli misbrukt.

Nokon å snakka med
Dersom du er engsteleg eller treng nokon å snakka med i lys av krigen i Ukraina, finn du lenkjer under som kan vera til hjelp. Du kan òg ta kontakt med fastlegen din.

På helsenorge.no finn du fleire chat- og telefontenester der du kan snakka anonymt. På Utdanningsdirektoratet sine nettsider finn du gode råd om korleis snakka med barn og unge om krisar.

Innbyggjarar lurer også kva ein kan gjera for å hjelpa Ukraina. Fleire frivillige organisasjonar og privatpersonar har teke initiativ til innsamlingar og hjelpeaksjonar, og vi oppmodar om å følgja med i nyheitsbilete og andre informasjonskanalar dersom du ønskjer å bidra.