Forvaltningsutvalet har 7 medlemmer med varamedlemmer, valde av kommunestyret for 4 år. Leiar og nestleiar er valde av kommunestyret.

Forvaltningsutvalet sine oppgåver og mynde
Forvaltningsutvalet skal handsama, gjera vedtak eller gi innstilling til kommunestyret i saker av prinsipiell karakter etter følgjande lovar:

  • Plan- og bygningslova
  • Jordlova
  • Skoglova
  • Konsesjonslova
  • Brann- og eksplosjonslova
  • Forureiningslova
  • Delingslova (erstatta av Matrikkellova frå 01.01.10)
  • Motorferdsellova
  • Viltlova
  • Lakse- og innlandsfiskelova
  • Lov om stadnamn (stadnamn, vegnamn og skrivemåte)

Utvalet sitt verkeområde skal  i hovudsak rettast mot saker og løyve som gjeld privatpersonar og private rettssubjekt (bedrifter, organisasjonar o.l.). Tyngda av saker gjeld byggeløyver og deling av eigedom der det er krav om skjønsvurdering og/eller dispensasjon frå arealplan eller byggereglar. Vidare behandlar forvaltningsutvalet alle private forslag til reguleringsplanar. Også konsesjon for overtaking av landbrukseigedom, tildeling av fellingsløyver for vilt og stadnamnsaker pregar saklistene. Ei viktig oppgåve er også å behandla klager på vedtak innanfor dei lovane utvalet har ansvar for.

Utvalet kan innanfor sitt mynde og ansvarsområde ta initiativ til, og få utgreidd, viktige politiske saker.

Her finn du møteoversyn og medlemmer.