Opningstider

Varmebassenget opnar for offentleg bading måndag 21.08.2023 kl 08:50.

Måndag 8.50-9.45

Tysdag 8.50 - 9.45, 12.50 - 13.45

Onsdag 12.50 - 13.45 

*Onsdag 15.50-16.45, *16.50-17.45,*17.50-18.45. 

Torsdag 8.50-9.45 og 12.50-13.45

Fredag 8.50-09.45, 09.50-10.45, 10.50-11.45

*Laurdag 08.50-09.45, *09.50-10.45, *10.50-11.45 og *12.50-13.45, *13.50-14.45 

Timar merkte med * er kun open frå 01.09 til 01.05 kvart år (per 01.08.22)


Ring 90 91 20 81 for tinging av handikappgarderobe

Velkomen!

 

Prisar

Årskort vaksne 2130,-

Halvårskort Vaksne 1280,-

Årskort barn 1060,-

Halvårskort barn 640,-

Enkeltbillett vaksen 135,-

Enkeltbillett barn 65,-

Familiebillett 300,-

Timeleige av bassenget 740,-

Timeleige med badevakt 1065,-

 

Me tek både kontantar, kort og Vipps.

Offentleg bading

Kvar vaksen kan ha med 2 barn under 12 år. Barn kan gå åleine frå fylte 12 år. Vi tek 15 stk i bassenget, og vi må vere 3 funksjonsfriske vaksne over 16 år for å starte bading. Dette er inkludert badevakten. Alle skal dusje utan badetøy og langt hår skal i strikk. Dette er viktig for å halda godt vasskvalitet, med minst muleg bruk av kjemikalier. Du må enten vaske håret eller bruke badehette. Vi har eingangsbadehetter som du kan få. Handikappgarderoben kan tingast om du treng den, dette bør gjerast i godt tid. Vi har rullestol/seng sånn at dei med nedsatt funksjon kan nytta bassenget på best mulig måte. Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen.

 

Treningsgrupper med fysioterapeut

Det er tilbod om individuell trening i basseng i grupper med fysioterapeut for barn og vaksne.

Dersom du ikkje kan symja eller treng hjelp i garderoben, må du ha med eigen ledsager.

For meir informasjon, kontakt ergo- og fysioterapitenesta.

Informasjon om leigeavtalar

Vi leiger ut timar til lag, organisasjonar, bedrifter og private grupper. Helserelaterte organisasjonar vert prioritert. De leiger då ein fast time i veka, og har sjølv ansvar for både tryggleik og det praktiske. Ein leiger bassenget 1 klokketime inkludert garderobetid.

Prisar
Pr time: kr 740
Pr time med badevakt: kr 1065
Max 15 personar.

 


 

For fysioterapi i bassenget må ein kontakta fysioterapiavdelinga.