Kontrollutvalet er heimla i kommunelova §77 og  forskrift om kontrollutval. Utvalet har normalt frå 5 til 6 ordinære møte pr. år. Møta i kontrollutvalet er opne for publikum. 

Utvalet har følgjande oppgåver:
  • Sjå til at kommunen sin rekneskap vert revidert på ein trygg måte
  • Sjå til at det vert ført kontroll med at forvaltning av økonomien vert utført i samsvar med gjeldande bestemmelsar og vedtak
  • Sjå til at det vert gjennomført systematisk vurdering av økonomi, produktivitet og måloppnåing (forvaltningsrevisjon)
  • Sjå til at det vert ført kontroll med forvaltning av kommunen sine interesser i selskap mm. 
  • Kontrullutvalet skal rapportera resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret.
Kvinnherad kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Kvinnherad kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet frå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møta. Til dømes føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Dersom du ynskjer kontakt med sekretariatet for kontrollutvalet i Kvinnherad kommune, kan du sende ein epost til: kontrollutvalet@hfk.no
 

Kontrollutvalet 2016 - 2019

Medlemmer
Synnøve Solbakken (leiar)
Tlf. 930 12 591
Sigmund Nordfonn (nestleiar)
Tlf. 984 09 868
Svein Åge Vangdal (medlem)
Tlf. 992 51 604
Oddbjørg Heimark (medlem)
Tlf. 415 53 041
Una Maeve Kolle (medlem)
Tlf. 991 55 425      

Varamedlemmer                                                                                   
Annemor Ekeland
Ann Helen Ripel    
Leiv Guddal 
Kari Bruntveit
John Inge Brendeland
Svein Ingvald Opdal
Geir Inge Sjo 
Wenche Lie
Willy Kalsås
Asbjørn Svellingen