Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informera heimelshavar eller festar. Eigarar og andre som avgjersla får verknad for, skal få høve til å uttala seg. Kommunen skal tildela adressa så snart det er trong for det og seinast samstundes med igangsetjingsløyvet for byggetiltaket.
Det er kommunen ved forvaltningskomiteen som fastset adressenamnet.
Adressa skal knytast til den vegen eigedomen har godkjent tilkomst frå. Det er vanlegvis ikkje høve til å få adressa endra. Dette skjer berre i dei tilfella der kommunen har gjort feil eller der eigedomen har fått tilkomst frå ein annan veg enn tidlegare. .
Vedadressa skal tildelast bygningar som vert nytta til bustad eller fritidsbustad, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemder. Kommunen kan òg tildela andre eigedomar eller lokale offisiell vegadresse der dette er turvande. Til dømes kan kommunen tildela eller endra adressa:
- når ein skal endra tilkomstveg
- når ein skal oppføra nye bygg
- når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse
Lover og forskrifter
- Matrikkellova
- Matrikkellova kapittel 4 Adresser til eigedomar og bygningar
- Matrikkelforskrifta kapittel 12 Offisiell adresse
- Forvaltningslova
- Stadnamnlova
- Forskrift om stadnamn
- Kommunekart