Landskapsvernområde:

Bondhusdalen Jan Rabben.png
Bondhusdalen, foto Jan Rabben

•             Bondhusdalen landskapsvernområde, oppretta 29. april 2005 – 14 087 daa.

Føremålet med Bondhusdalen landskapsvernområde er å: - ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytte til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet - sikra viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald - sikra verdfull vassdragsnatur - verna om verdfulle kulturlandskap og kulturminne

•             Gjuvslandslia landskapsvernområde, oppretta med plantelivsfredning 13. oktober 2000 – 199 daa

Føremålet med vernet er å sikre eit variert natur- og kulturmiljø med ein av dei største førekomstane av barlind i landet. Det finst og jamleg innslag av kristtorn, edellauvskog og kalkfuruskog. Dei frodige slåtteengene ved Liaskjeret står i ein vegetasjon

•             Hattebergsdalen landskapsvernområde, oppretta 29. april 2005 – 15 510 daa

Føremålet med Hattebergsdalen landskapsvernområde er å: - ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytte til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet - sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald - sikre verdfull vassdragsnatur - verna om verdfulle kulturlandskap og kulturminne

•             Ænesdalen landskapsvernområde, oppretta 29. april 2005 – 3 405 daa

Føremålet med Ænesdalen landskapsvernområde er å : - ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytte til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet - sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald - sikre verdfull vassdragsnatur - verna om verdfulle kulturlandskap og kulturminne

•             Ølveshovda landskapsvernområde, oppretta med plantelivsfredning 13. oktober 2000 – 384 daa.

Verna for å sikre eit variert naturmiljø med naturleg avgrensa og vitale bestandar av både barlind og kristtorn.

 

Naturreservat:

Svartavatnet_ved_Geitaknottane 2.png
Foto: Svartavatnet ved Geitaknottane,  Christoffer Hjeltnes Støle 

Holmedalsberget naturreservat, Utåker, oppretta 23. november 1984 – 2 363 daa. Føremålet med fredinga er å ta vare på ei større li med ein variert og varmekjær edellauvskog representativ for ytre fjordstrøk på Vestlandet.

Rundeholmen i Opsangervatnet naturreservat, Husnes, oppretta 1. juni 1934 – 1 daa. Bakgrunnen for vernet av Rundeholmen er kulturhistorie: Jonas Lie sine foreldre budde i Onarheim frå 1845 til 1859, og i denne perioden besøkte Jonas Lie ofte denne holmen. I Landsforeningen For Naturfredning si årsmelding frå 1934 kan ein lese følgjande: "Denne lille ø er uløselig knyttet til dikteren Jonas Lies navn. På holmen som Lie kalte «Trylleøen», finnes ennu rester av en primitiv brygge, stenbenker og stenbord som dikteren selv satte op. Den er ellers bevokset med grov furu og en typisk lyngheivegetasjon og bør ubetinget bevares."

Geitaknottene naturreservat, Hatlestrand, oppretta 19. desember 1997 –13 726 daa. Føremålet med fredinga er å sikre flora og fauna i eit større og relativt urørt område som strekkjer seg frå lågland til fjell. I området finst det både typiske, sjeldne og sårbare plante- og dyreartar, til dømes den rikaste førekomsten av storsalamander som er kjent i landet, og den sjeldne planta kongsbregne som veks fleire stader i området.

Eggja naturreservat, Ølve, oppretta 16. desember 1983 – 167 daa. Føremålet med fredinga er å ta vare på eit rikt og variert myrområde med eit fint døme på flatmyr og med mange interessante og sjeldne planteartar.

Sæbøskòra naturreservat, Borgundøy, oppretta 13. oktober 2000 – 95 daa

Føremålet med fredinga er å sikre ein vital og variert barlindførekomst og ein stor bestand kristtorn med uvanleg storvaksne tre med tilhøyrande naturmiljø. Lokaliteten har innslag av edellauvskog med mange kravfulle og varmekjære artar. Denne rike kombinasjonen gjer området interessant som forskningsområde og som reservoar for genressursar

Varaldsøy naturreservat, Varaldsøy, oppretta 23. november 1984 – 731 daa. Føremålet med fredinga er å ta vare på ein edellauvskog med godt utvikla alme- og gråolderutformingar, og med ein artsrik flora som inneheld fleire sjeldne, varmekrevjande artar.

Tveitabotn naturreservat, Utåker, oppretta 13. oktober 2000 – 468 daa. Føremålet med fredinga er å sikre ein høgtliggjande skogtype med tilhøyrande naturmiljø der store barlindtre veks saman med gamal furu- og lauvskog. Lokaliteten er representativ for den naturlege vegetasjonen i dei fuktige fjordstrøka i Sunnhordland.

Tveitane naturreservat, Hatlestrand, oppretta 23. november 1984 – 123 daa. Føremålet for fredinga er å ta vare på ein variert edellauvskog som er representativ for ytre strøk av Hardanger, med ulike skogsutformingar og med ein særleg rik flora.

Prestnesholmen naturreservat, oppretta 3. april 1987 – 14 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

Hillekalven og Pasholmen naturreservat, Halsnøy, oppretta 3. april 1987 – 130 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

Fjæraskjer naturreservat, Fjelbergøy, oppretta 3. april 1987 – 11 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

Raudholmane naturreservat, Høylandsbygd, oppretta 3. april 1987 – 33 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

Terneskjeret naturreservat, Tofte, oppretta 3. april 1987 – 13 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

Trollskjeret naturreservat, Sunde/Tofte, oppretta 3. april 1987 – 12 daa. Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytte til området.

 

Naturminne: (freda tre)

Støen naturminne, Skarvatun/Ølve, oppretta 12. mai 1923 – punktobjekt. Føremålet med vernet er å ta vare på ein uvanleg stor barlind. 

Naturminne Støen Skarvatun.png

Halsnøy Kloster naturminne, Halsnøy kloster, oppretta 16. januar 1925 – punktobjekt. Verneføremålet er å ta vare på ei svært særprega, styva ask som truleg er svært gammal. I følgje Moe (1999), er treet minst 534 år gammalt, noko som betyr at det spirte i klostertida midt på 1400-talet. Foto: R. Nordås (SNO)

Naturminne Halsnøy.png

Rød naturminne, Uskedalen, oppretta 26. mai 1933 – punktobjekt. Føremålet med vernet er å ta vare på ei stor, gammal eik. Foto: T. C. Martinessen (FMHO)

Naturminne Rød.jpg

Skarpsbråtet, Tveit ytre naturminne, Varaldsøy, oppretta 7. februar 1930 – punktobjekt. Føremålet med vernet er å ta vare på to uvanleg store og gamle barlinder. Utdrag frå Årsberetning fra Vestlandske kretsforening for naturfredning i Norge 1929: … "Disse barlinder på Varaldsøy er de største i Skandinavia og muligens de største viltvoksende eksemplarer av dette treslag i hele Nordeuropa." … "Da barlinden vokser uhyre langsomt når den først har opnådd en viss alder, har vi med utgangspunkt i tidligere utførte aldersbestemmelser all grunn til å tro at de ovenfor omtalte eksemplarer er mellem 500 og 1000 år gamle." Foto: O. Overvoll (FMHO)

Naturminne Skarpsbråtet Tveit ytre.jpg

Tveit ytre naturminne, (Møkjedalen), Varaldsøy, oppretta 7. februar 1930 – punktobjekt. Føremålet med vernet er å ta vare på ei uvanleg stor barlind. Utdrag frå Årsberetning fra Vestlandske kretsforening for naturfredning i Norge 1929: … "Disse barlinder på Varaldsøy er de største i Skandinavia og muligens de største viltvoksende eksemplarer av dette treslag i hele Nordeuropa." … "Da barlinden vokser uhyre langsomt når den først har opnådd en viss alder, har vi med utgangspunkt i tidligere utførte aldersbestemmelser all grunn til å tro at de ovenfor omtalte eksemplarer er mellom 500 og 1000 år gamle." Foto: O. Overvoll (FMHO)

Naturminne Møkjedalen.png

 

Frivillig skogvern:

Det er eit føremål å ta vare på verneverdiane i best mogleg tilstand, og at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Austefjorden og Blånuten naturreservat i Fusa og Kvinnherad. 7 186 daa. Austefjorden og Blånuten omfattar skogområde i dei svært utilgjengelege områda like sør for Geitaknottane naturreservat og vidare vestover på begge sider av Austefjorden. Området er ein del av eit større og relativt urørt skoglandskap, som strekk seg frå fjord til fjell. Området har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med vestnorsk regnskog, eldre furuskog og rikmyr.

Håvikevatnet naturreservat i Fusa og Kvinnherad. Håvikevatnet ligg på grensa mellom Fusa og Kvinnherad kommune. Areala omfattar austlege delar av Håvikvatnet. Også dette området vil vera ein del av eit større skoglandskap, og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med m.a. fleire former for vestnorsk regnskog, eldre furuskog, rik edellauvskog, rikmyr og varmekjær kjeldeskog.

Areala er om lag 2 949 dekar og vart frivillig verna desember 2019.