Om skulen

Rosendal ungdomsskule ligg ved fjorden under dei bratte fjella i naturskjønne Rosendal. I skulen sitt nærområde ligg også m.a. Folgefonna nasjonalparksenter og Baroniet Rosendal. Skulebygget stod ferdig i 2013 og er såleis nesten like moderne som pedagogikken skulen brukar.  

Skulen har 133 elevar, desse kjem frå Malmanger, Mauranger, Omvikdalen, Åkra og Uskedalen barneskular. 30 tilsette arbeider hardt kvar dag for å motivera desse flotte ungdomane til læring og ruste dei til å meistre liva sine.

 

Kalender for kano og utstyr