Ny slamavskiljar på Eidsvik, Halsnøy

Det vert nå bygd ny slamavskiljar i reinsedistrikt Eidsvik på Halsnøy. Dette prosjektet ligg i Hovedplanen for VA.

Eidsvik SA

Nytt vassbehandlingsanlegg på Sandvoll

Det vert nå bygd nytt behandlingsanlegg på Sandvoll. Anlegget skal kunna forsyna både mot Valen og Halsnøy, i tillegg til abonnentane på Sandvoll. Som råvasskjelde er det etablert borehull for grunnvatn.

Bilde til prosjekt informasjon

 

 

Nytt vassbehandlingsanlegg - Matre

Dagens behandlingsanlegg er plassert inne i SKL sitt bygg, Blåfalli II. Dette bygget skal nå rivast, og i samband med dette bygger Kvinnherad kommune nytt vassbehandlingsanlegg på same tomt. I tillegg er det etablert nye borehull (brønnar) der råvatnet skal hentast. Bygget vert bygd inn i skråningen, og berre fronten vert synleg.

Matre VBA

Ny vassleidning til Bogsnes, Husnes

For å betra vassforsyninga og brannvassdekninga vert det etablert ny og større vassleidning inn til Bogsnes. Arbeidet er delvis i samarbeid med Stord innkvartering og Kvinnherad Energi.