Oppretting av administrasjonsutval.
Administrasjonsutvalet er eit partsamansett utval oppretta med heimel i kommunelova § 25, jf. Hovudavtalen del B § 4.

Val og samansetjing.
Medlemene i formannskapet, 9 medlemer, utgjer kommunen (arbeidsgjevarsida) sine representantar. Arbeidstakarsida har 4 representantar. Ordførar og varaordførar er leiar og nestleiar i utvalet. Elles gjeld kommunelova §§ 10 og 16.

Administrasjonsutvalet sine oppgåver og mynde.
Utvalet skal handsama saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Under føresetnad av at myndet ikkje er delegert til andre politiske organ eller til rådmannen, skal administrasjonsutvalet handsama og gjera vedtak eller gje innstilling til kommunestyret i saker som gjeld:

  • § Overordna prinsipp og retningsliner for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk
  • § Reglement og retningsliner for dei ulike delområda i arbeidsgjevarpolitikken
  • § Tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette
  • § Ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker innanfor arbeidsområdet

Administrasjonsutvalet er delegert mynde til å ta avgjerd i saker som er nemnde ovanfor, avgrensa mot lov, kommunestyret sine oppgåver og kommunestyrevedtak som avgrensar
fullmaktene.

Mindretalsanke.
I saker der administrasjonsutvalet har fått delegert avgjerdsmakt frå kommunestyret, kan 3 medlemer eller ordføraren krevja at saka vert lagt fram for kommunestyret.

Møte.
Utvalet sine møte vert haldne for opne dører, og skal lysast, med mindre omsynet til personvern eller andre tungtvegande grunner tilseier at møtet skal vera lukka. Utvalet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Rådmannen har møte- tale og forslagsrett i utvalet sine møter. Rådmannen kan la seg representera av andre tilsette. Det skal førast protokoll frå utvalet sine møter.

Sekretariat.
Rådmannen syter for sekretariat funksjon for utvalet, og har ansvar for at dei saker som vert lagt fram for utvalet, er forsvarleg førebudde og utgreidde, i samsvar med dei reglane som gjeld, jf. Kommunelova § 23.

Her finn du møteoversyn og medlemmer.