Jaktresultat 2023

Rådyr 

Det har no vore rådyrjakt i Kvinnherad i 13 år og totalt er det skote 285 rådyr i løpet av åra.  

Det var 26 jaktvald som har søkt om fellingsløyve på rådyr og det var totalt 123 løyver. Siste året vart 14 dyr felt og dette er lågaste talet dei siste sju åra. Høgast var 2019 med 35 felte dyr. 

Hjort 

Det vart felt 1466 dyr, noko som er 16 dyr meir enn i fjor som var tidlegare fellingsrekord. Fellingsprosenten endar då på 84 %. Det er no 90 jaktvald med totalt 548.068 dekar teljande areal. Det er 45 vald som er medlemer i bestandsplanområder og 45 vald er utan.  

  

 

Hann 

kalv 

Ho 

kalv 

Årings 

Bukk 

Årings 

kolle 

Eldre 

bukk 

Eldre 

kolle 

Sum 
Felte dyr 278 234 248 220 245 241 1466 
Fordeling % 19 16 17 15 17 16 

 

Snittvekt 23,53 22,35 43,15 38,35 70,61 52,83 

 

Total kg 6 541 5 230 10 701 8 437 17 300 12 732 60 941 

 

Snittvektene er ganske stabile i forhold til i fjor, med berre små variasjonar på alder og kjønn. Som det viser i tabellen enda den totale vekta av hausta hjortekjøt på nesten 61 tonn og det er om lag 3.412 kg meir enn året før (57 529 kg i 2022). 

Det bestandsplanområdet med flest medlemsvald, Søre Kvinnherad og Åkrafjorden har kome ut med ein total fellingsprosent på 86 %. Kalveandelen er 34,3 % og 66 % for ungdyr av begge kjønn. 

Jaktresultat 2022

Rådyr

Det har no vore  jakt på rådyr i tolv år i Kvinnherad og totalt er det skote 271 dyr under jakt. Siste året vart 24 dyr felt. Fordelinga var etter innmeldingane fire bukke-kalvar, tre ho-kalvar, 14 vaksne bukkar og tre geiter.

Det er no 26 vald som har søkt om fellingsløyver på rådyr og dei har eit samla jaktareal på 209.568 dekar.

Hjort

Det vart felt 1365 dyr av ein årleg tildeling på 1728 dyr, og dermed var fellingsprosenten 79 %.  Dette er 87 dyr mindre enn rekordfellinga  året før. Det er no 89 jaktvald med totalt 546.678 dekar teljande areal. Det er og no 45 vald som er medlemer i bestandsplanområder og 44 vald som står utanom.

 

 

Bukke

kalv

Kolle

kalv

Årings

bukk

Kvige

Eldre bukk

Eldre kolle

Sum

Felte dyr

238

220

203

191

232

281

1365

% fordeling

17,4

16,2

14,9

14,0

17,0

20,5

 

Snittvekt

23,86

21,77

43,06

37,75

71,33

51,93

 

Totalvekt

5678

4789

8741

7210

16549

14592

57559

 

Vektene viser at kalvane dette året var lettare enn året før, men både ungdyr og eldre hadde høgare snittvekter. Vaksne bukkar kom ut med 1,98 kg høgare snittvekt, og sjølv om det var felt 87 ferre dyr enn året før så var reduksjonen i total slaktevekt berre 3045 kg.

Det området med det høgaste minsteareal, Ænes – Mauranger felte dette året berre 95 dyr av ei årleg kvote på 173 og enda dermed på 54,9 i fellingsprosent.

Halsnøy og Borgundøy felte 151 av sin kvote på 172 dyr og enda såleis på 87,8 i fellingsprosent.

Heile området på vestsida av fjorden Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy har felt 373 dyr utav ein årleg tildeling på 438 dyr og dermed ein fellingsprosent på 85,2 %.

Jaktresultat 2021

Rådyr

Det har no vore rådyrjakt i Kvinnherad i elleve år og totalt er det skote 247 rådyr under jakta.

Det var 25 jaktvald som har søkt om fellingsløyve på rådyr og det var totalt 131 løyver. Siste året vart 22 dyr felt og dette er lågaste talet dei siste fem åra. Høgast var 2019 med 35 felte dyr.

Hjort

Det vart felt 1452 dyr, noko som er 25 dyr meir enn tidlegare fellingsrekord. Fellingsprosenten endar då på 84,8 %. Det er no 88 jaktvald med totalt 549.098 dekar teljande areal. Det er 42 vald som er medlemer i bestandsplanområder og 46 vald er utan.

 

 

Hann

kalv

Ho

kalv

Årings

Bukk

Årings

kolle

Eldre

bukk

Eldre

kolle

Sum

Felte dyr

284

206

220

208

243

291

1452

Fordeling %

19,6

14,2

15,2

14,3

16,7

20,0

 

Snittvekt

24,73

22,45

42,65

37,71

69,35

51,02

 

Total kg

7023

4625

9383

7844

16852

14847

60574

 

Det kunne vore ynskjeleg med noko høgare kalvadel ut frå «Fri-kalv» ordninga, sjølv om den enda på den høgaste prosentandelen me har hatt så langt, total på 33,7 %.                                                                    Det bestandsplanområdet med flest medlemsvald, Søre Kvinnherad og Åkrafjorden har kome ut med ein total fellingsprosent på 87,1, og her er kalveandelen heilt i tråd med målsettinga i planen med over 35 %. Enno er hanndyr delen litt for høg og kolle delen litt låg og for begge kjønn manglar det litt på målsettinga om minst  50 % ungdyr.

Elleve vald har hausta meir enn den årlege kvoten, og 12 vald står på 100 % felling. Det er valda på Halsnøy og Borgundøy som har nytta best denne sjansen, og der er det totalt felt 185 dyr og årleg kvote er 169.

Området Ølve- Hatlestrand og Varaldsøy enda med ein fellingsprosent på 94,5.

Det området som har den høgaste minseareal grensa, Ænes – Mauranger kom dette året ut med ein fellingsprosent på 66,9.

Som det viser i tabellen enda den totale vekta av hausta hjortekjøtt på over 60,5 tonn og det er om lag 1184 kg meir enn året før sjølv med meir kalvar og ungdyr. Trenden gjennom mange år no viser at vektene går ned og siste året var det berre bukkekalv som hadde høgare snittvekt enn året før. Ved å gjera ei samanlikning med vektene for 20 år sidan i 2001 ville uttaket gjeve 2750 kg meir kjøtt.

 

 

Jaktresultat 2020

Rådyr

Det har no vore jakta rådyr i 10 år i Kvinnherad. Siste året var det 25 jaktvald som hadde fellingsløyver på totalt 132 dyr. Resultatet vart 31 felte dyr som var fordelt på 17 vaksne bukkar, sju geiter og sju kalvar.

Hjort

Det vart felt 1427 dyr, noko som er 131 dyr meir enn den tidlegare fellingsrekorden i kommunen. Fellingsprosenten endar på 84.

Snittvektene viser at alle aldersgrupper er lettare enn året før, men totalen viser at det er hausta 59.390 kilo hjortekjøtt, noko som 3.496 kg meir enn den tidlegare rekorden.

Det er no totalt 88 jaktvald i kommunen der 42 er medlemer i bestandsplanområder.
 

 

Hann

kalv

Ho

kalv

Årings

bukk

Årings

kolle

Eldre

bukk

Eldre

kolle

Felte dyr

241

235

217

207

233

294

Felling %

16,9

16,5

15,2

14,5

16,3

20,6

Snitt vekt

23,72

22,66

41,53

38,16

70,12

51,36

Total vekt

5716

5325

9012

7899

16338

15100

 

 

Oversikt 2019-2020:

Skotpremieutbetalingar

2019: 47 rev, 35 mink, 7 mår og 141 kråker

2020: 44 rev, 22 mink, 3 mår og 224 kråker

Hjortejakta:

2019: 1668 fellingsløyver,  felt 1296 dyr = 77,7 %, Fordeling av felte dyr var 211 bukkekalvar, 212 åringsbukk og 215 eldrebukkar, 193 kollekalvar, 201 åringskoller og 264 eldre koller.

2020:  1698  fellingsløyver, felt 1427 dyr = 84 %. Fordeling av felte dyr var 241 bukkekalvar, 217 åringsbukkar og 233 eldre bukkar. 235 kollekalvar, 207 åringskoller og 294 eldre koller.

Rådyrjakta:

2019: 130 fellingsløyver. Felt 35 dyr fordelt på 21 bukkar, åtte geiter og seks kje.

2020: 132 fellingsløyver. Felt 31 dyr fordelt på 17 bukkar, sju geiter og sju kje.

Trafikkskade:

For 2019 var det registrert 38 påkjørslar av hjortevilt, og dette førte til 21 avliva hjortar og 4 rådyr.

For 2020 var det registrert 51 påkjørslar av hjortevilt, og dette førte til 16 avliva hjort og sju rådyr.

Jaktresultat 2019

Jaktresultat i Kvinnherad 2019

Rådyr

Det har vore jakta rådyr i Kvinnherad i ni år no. Siste året vart det felt 35 dyr som var fordelt på 21 bukkar, åtte geiter og seks kje.

 Det var 24 jaktvald som hadde totalt 130 fellingsløyver dette året.

 

Hjort

Det vart felt 1296 hjort siste året, det er ein auke på 99 fleire dyr

enn året før, og dette er beste resultatet til fram til no. Fellingsprosenten var 77.7

 

Bukke

Kalv

Kolle

kalv

Årings bukk

Årings kolle

Eldre bukk

Eldre kolle

Sum

Felte dyr

211

193

212

201

215

264

1296

Fordeling %

16,3

14,9

16,3

15,5

16,6

20,4

 

Snitt vekt kg

24,44

22,4

44,69

39,19

70,21

52,91

 

Total kg

5157

4323

9474

7877

15095

13968

55894

 

Kontroll av slaktevekter viser at kalvane var litt lettare enn året før, med både åringsdyr og eldre viser ein fin oppgang. Åringsbukk er eksempelvis 2,7 kg tyngre. Totalt viser resultatet at det er hausta tett på 56 tonn hjortekjøt eller 4790 kg meir enn året før.

Dei 32 jaktvalda som er organisert i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden bestandsplanområde enda på 737 felte dyr eller 79,7 %. Kalveandelen enda på 32 % og det er under det som er planlagt då  det skal fellast minst 35 % etter gjeldande plan. Også kolleandelen er enno litt for liten med 33,4 % felt mot 35 % i plan, medan bukkeandelen enno er altfor høg, felt 34,6 % mot 30 %. Både for hanndyr og hodyr er det her enno felt for stor del eldre dyr.

For heile områder Ølve- Hatlestrand- Varaldsøy vart det felt 362 dyr eller 85,8 %. Her har me fått ei fordeling som er svært fin i høve til bestandsplanen for Ytre Hardangerfjord Vest. Det er felt 31,8 % kalv og planen krev minst 30 %, av hodyr er det teke 38,9 % og planen seier maks 40 %. Bukk enda på 29,3 % og planen seier maks 30 %. Fordelinga av ungdyr er også svært fin her, då både hann og ho har over 50 %.

På Halsnøy er det felt 119 dyr av 129 løyver eller 92,2 %

Jaktresultat 2018

Rådyr

Det har vore jakta rådyr i Kvinnherad sidan 2010. Det siste året vart det felt 33 dyr som var fordelt på 18 bukkar, 9 geiter og 6 kje.

Det var 24 jaktvald som hadde totalt 130 fellingsløyver i 2018.

Hjort

I 2018 vart det felt 1197 hjort. Der er ein auke på 140 dyr frå året før, og det er det beste resultatet etter 2012. Fellingsprosenten vart 82,3 %, og det høgaste etter 2010 då fellingsprosenten var like høg.

 

Bukke

kalv

Kolle

kalv

Årings bukk

Årings kolle

Eldre bukk

Eldre kolle

Sum

Felte dyr

193

164

216

172

213

239

1197

Fordeling %

16,1

13,7

18

14,4

17,8

20

82,3

Snitt vekt kg

25

22

42

37

71

51

 

Total kg

4825

3608

9072

6364

15123

12189

51181

Oppførte snittvekter kan bli noko justerte når alle dyra blir registrert på hjorteviltregisteret. Til no er under halvparten av dyra lagt inn (per 08.02.2019).

Jaktresultatet har store variasjonar òg i 2018, men heile 26 jaktvald kom ut med minst 100 % felling.

  • Ølve og Hatlestrand enda på 90 % samla og her hadde 8 av 19 vald 100 % felling.
  • Dei 31 jaktvalda som er organisert i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden Bestandsplanområde enda på ei felling av 674 dyr eller 86,7 %. Området har òg i 2018 felt litt for stor del vaksne dyr, både bukkar og koller. Men det nærmar seg målsetjinga mot planlagd maksimalt 33 % av kvart kjønn. Det står litt att før kalveandelen kjem opp i målsetjinga om minst 34 %, den stoppa på 31,8 % siste året.

Jaktresultat 2017

Rådyr

Det har vore jakta rådyr i Kvinnherad sidan 2010. I 2017 vart det felt 25 dyr: 15 bukkar, 7 geiter og 3 kje. Berre i 2012 vart det skote fleire, då 26 dyr. Det var 23 jaktevald som hadde totalt 99 fellingsløyver i 2017.

Hjort

I 2017 vart det felt 1057 hjort. Det er ein auke på 31 dyr frå året før, og det høgaste resultatet sidan 2012. Fellingsprosenten vart 78,9, og det er det høgaste etter 2010 då fellingsprosenten var 82,3.

 

Bukke

kalv

Kolle

kalv

Årings bukk

Årings kolle

Eldre bukk

Eldre kolle

Sum

Felte dyr

141

124

206

120

217

249

1057

Fordeling %

13,3

11,7

19,5

11,2

20,5

23,7

78.9

Snitt vekt kg

24,6

22,4

44,3

37,8

69,4

51

 

Total kg

3469

2778

9126

4536

15060

12699

47668

Gjennomsnittsvekta på kalvar er litt mindre enn året før, men for åringsdyra har vekta auka litt. Eldre bukkar står på same låge vekta som førre året, og vaksne koller har gått ned 0,3 kg i  snitt.

Jaktresultata har store variasjonar òg i 2017, men heile 26 jaktevald kom ut med minst 100 % felling.

  • Ølve og Hatlestrand enda på 81,8 % samla og 8 av 19 vald hadde 100 % felling
  • Området Ænes-Mauranger, som har hatt eit høgare minsteareal for tildeling enn resten av kommunen, fekk i 2017 85 % felling
  • Dei 26 jaktvalda som er organisert i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden Bestandplanområde enda på ei felling av 492 dyr eller 78,6 %. Området har òg dette året felt for stor del hanndyr med 38,4 % mot maksimalt 33 %. Det er andelen kalv som er for liten. Planen legg opp til eit uttak av minst 34 % kalv og i 2017 vart det berre skote 27 %. Planen legg opp til at minst 50 % av hanndyra og hodyra skal takast ut so ungdyr, men her ligg det noko under. Kontroll av innsamla kjevar viser at mange av dei små dyra som er skotne, er eldre enn åringar sjølv om dei naturleg nok er felt for å vere det. Dette kan forklara ein del av manglane åringsdyr i statistikken.