Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fysioterapi

Fysioterapeutane gjev kurative og førebyggjande tenester til barn/unge, vaksne og eldre med funksjonsvanskar grunna sjukdom, skade, smerter eller anna. Tiltaka har som mål å fremje deltaking, meistring og sjølvstende i eigen kvardag. I fysioterapitenesta finn ein både fysioterapeutar som er tilsett i kommunen og fysioterapeutar med driftsavtale.

Tenester kommunale fysioterapeutar 

  • Undersøking, vurdering og kartlegging 
  • Behandling og oppfølging individuelt og/eller i gruppe 
  • Habilitering og rehabilitering, i og utanfor institusjon 
  • Rettleiing, informasjon og undervisning til pasient, pårørande eller andre fagpersonar 
  • Formidling og tilpassing av hjelpemiddel  
  • Gruppetrening  
  • Palliativ behandling 
  • Kvardagsrehabilitering
  • Anna førebyggjande og helsefremjande arbeid 

Pris for tenesta

Ergo- og fysioterapitenesta i Kvinneherad kommune nyttar sentralt regulerte takstar for fysioterapibehandling. Desse gjeld både for fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen og for kommunalt tilsette fysioterapeutar. 

Dei fleste må betale ein eigendel når dei har time hos fysioterapeut, med unntak av nokre grupper: 

  • Born under 16 år
  • Personar med godkjent yrkesskade
  • Personar med frikort  

Ein får delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Frå 1. januar 2021 vart eigendelstaka 1 og 2 slått saman til ei frikortsordning, med ei felles frikortgrense på 3165 kr i 2024. Fysioterapeuten rapporterer til HELFO og du vil automatisk motta frikort ved oppnådd eigendelstak. 

Tilvising/kontakt

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, e-post eller ved å vende deg direkte på besøksstad.

Henvendelser vert registrert på venteliste og prioritert i samsvar med prioriteringsnøkkelen vår. 

Telefon og e-postliste ergo- og fysioterapitenesta: Kontaktinformasjon