Drikkevassforskrifta set ei rekkje krav til drikkevasforsyninga: vassbehandling, kvalitet, distribusjon, dokumentasjon, beredskap o.a. Mattilsynet fører tilsyn med at krav i drikkevassforskrifta vert halde.

Vassverkseigar har plikt til, etter krav i drikkevassforskrifta, å levera tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn som er klårt og utan framtredande lukt, smak og farge. Denne plikta gjeld i prinsippet i alle driftssituasjonar, inkludert krisesituasjonar.

Kvinnherad kommune har eit omfattande overvåkingsprogram med prøvetaking av råvatn, reintvatn og nettprøvar for å avdekka eventuell ureining og dokumentera drikkevasskvaliteten. Dersom det vert oppdaga ureining i drikkevatnet vert abonnentane varsla med SMS.

Eining for vatn og avløp har døgnkontinuerleg vakt.

Vakttelefon: 903 61 111

Andre aktuelle lenker