Ved installasjon av olje- og/eller feittutskiljar skal det liggja føre avtale som omtalar installasjon, vedlikehald, tømming, rapportering og tilsyn. Det skal søkjast om installasjon etter dei krav som er sett i kapittel 15. i "Forskrift om begrensning av forurensning" (Forureiningsforskrifta).

Oljeutskiljar

Verksemder med utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal installera oljeutskiljar. Dette for å sikra miljøet mot utslepp og forureining av olje.

Typiske stader kor utslepp med olje kan finna stad er:

  • Bensinstasjonar
  • Motorverkstader
  • Verkstader
  • Klargjeringssentralar for kjøretøy, jordbruks/anleggsmaskinar og understellsbehandling.

Feittutskiljar

Alle verksemder som lagar/serverar varm mat og næringsmiddelindustri med feitthaldig avløpsvatn skal installera feittutskiljar. Dette for å hindra tetting av offentleg og privat leidningsnett. Jamfør kapittel 15a i Foureiningsforskrifta.

Typiske verksemder kor utslepp av feitthaldig avløpsvatn kan finna stad er:

  • Ferskvarediskar
  • Gatekjøken
  • Restaurant/kafé
  • Storkjøken

Påslepp av matavfall som er malt opp, til kommunalt nett frå verksemder og hushald er forbode i Kvinnherad kommune.