Ein kvar som får kjennskap til ei hending kor det kan oppstå trong for psykososialt arbeid kan ta kontakt med kriseteamet sine medlemmer. Medlemmer som sjølv eller gjennom andre får kjennskap til ei slik hending skal vurdere situasjonen og trongen for innkalling og etablering av gruppa og gjere ei fagleg vurdering av kva tiltak som er nødvendig.

Ved trong for hjelp i kontortida, ring tlf. 53 48 31 00.

Utanom kontortid kan medlemmane kontaktast på fylgjande telefonnummer:

  • Kommuneoverlege Glenn A.Opland, tlf.  977 09 308        
  • Einingsleiar Leif K. Kongestøl, tlf. 913 86 185   
  • Psykisk helsearbeidar Brit Helen Hauan, tlf. 995 74 116 / 949 21 053
  • HR-rådgjevar Torstein Aarthun, tlf.  951 24 964  
  • Kyrkjekontoret, tlf. 905 31 910

Kriseteamet kan ikkje ta over ansvar for anna helsepersonell i den akutte situasjonen eller i handsaminga av hjelpetrengande. Teamet sitt arbeid skal ikkje erstatta, men supplera, koordinera og styrka meistringsstrategiar og hjelpetiltak frå nærmiljø, sosialt nettverk, arbeidsplass, skule, kyrkje, foreiningar med vidare og helsetenesta sosialrådgjevingstenesta elles.