Kor ofte kan eg forvente feiing?

  • Brannførebyggande avdeling har lagt ein plan for arbeidet som skal utførast for å stetta krava gitt i gjeldane forskrift om brannførebygging. Førebyggande avdeling vil med dette informera om kvifor og korleis det er planlagt å jobba for stetta krava.

For at ein skal kunne tilfredsstille krava gitt i Forskrift om brannforebygging som seiar at både hyppigheit og gjennomføring av feiing og bustadtilsyn skal være risikobasert er ein avhengig å samla inn rett dokumentasjon. For å letta innsamling av dokumentasjon og for å eit godt system for å bearbeida innsamla data gjekk ein til innkjøp av fagsystemet Cubit i 2020. Ein har fått opplæring i bruken og ein har fått testa programmet slik at ein no er klar til å legga inn dokumentasjon i programmet.

Feiarane har starta på ein to årsplan kor ein har som hensikt å komma igjennom alle bustadhus i kommunen og samla inn den informasjonen som er naudsyn. Dette vil i praksis seia at ein vil gjera feiing og bustadtilsyn samstundes på ein bustad. Ein feiar vil feia mens den andre snakkar med huseigar og legg informasjonen direkte inn i Cubit ved hjelp av IPad. Samtalen vil være ein enkel form for bustadtilsyn kor ein og går igjennom dei viktigaste brannførebyggande tiltaka ein som eigar bør/skal ha orden på (COVID19 smittevern er tatt høgde for). 

Når ein har vore igjennom heile kommunen så vil ein kunne utføra ein ROS-analyse etter bestemte kriterar, som seier kor ofte feiing og bustadtilsyn skal utførast for det enkelte fyringsanlegg. Når ein har fått dette på plass så vil ein gjera det same med fritidsbustader som etter gjeldane forskrift har fått same krav som bustadhus.

Vi ber om at førespurnader som går på feiing og bustadtilsyn blir vidaresendt til Kvinnherad brann og redning v/førebyggande avdeling.

Feiarane kan nåast på telefon eller e-post, men ein må ta høgde for at desse ikkje alltid kan svara då dei kan være mitt i ei feiing eller eit tilsyn.  Legg igjen ein beskjed på sms eller e-post så tek dei kontakt ved høve.

Kontaktinfo:

Feiar Alf Steinsvik                                       Mobil: 918 28 342          E-post: alf.steinsvik@kvinnherad.kommune.no

Feiar Sindre Eidsvik                                    Mobil: 910 02 944          E-post: sindre.eidsvik@kvinnherad.kommune.no

Leiar førebyggande Øyvind Ousdal         Mobil: 970 74 594          E-post: oyvind.ousdal@kvinnnherad.kommune.no

Kvifor må eg betala kvart år, når eg bare får utført feieteneste anna kvart år/fjerde kvart år?

Ein betalar ikkje meir enn det som er intervallet for feiing / tilsyn, men gebyret vert fordelt utover betalingsterminane for kommunale gebyr.

Kor mange betalingsterminar er det på kommunale gebyr?

I utgangspunktet vert ein eigedom sett opp med 4 terminar pr. år ( kvartalsvis). Unntaket er avtalar der fakturabeløpet er under kr 1 000,- pr. år, desse får 1 faktura pr. år og den vert sendt ut i februar med forfall i mars.

Det er mogleg å be om årleg faktura for kommunale gebyr, sjølv om faktura beløpet er høgare enn kr 1 000,- pr. år. Ta kontakt med Eining for vatn og avløp for å avtale dette. Faktura vert då sendt ut i februar med forfall i mars.

Er det mogleg å be om å få faktura kvar månad?

For å få månadsleg faktura er det krav at betalar har e-faktura eller avtale giro. Dette oppretter ein i nettbanken sin eller ved å snakka med banken sin. For å oppretta avtalegiro eller e-faktura trykk på lenke;  Inngå Efaktura/avtalegiro

Ta kontakt med saksbehandlar i eining for vatn og avløp for å få registert månadleg faktura.

Forfallsdatoar for kommunale gebyr?

Forfallsdatoane for kvartalsvise faktura er 15. mars, 15. mai, 15. august og 15. november.
Fyrste termin gjeld for perioden 01.01.-30.03. Andre termin gjeld for perioden 01.04.-31.06. Tredje termin gjeld for perioden 01.07.-30.09. Fjerde termin gjeld for perioden 01.10.-31.12.

Korleis går eg fram dersom eg treng betalingsutsetting eller oppdeling av faktura?

Ta kontakt med økonomikontoret i kommunen for å avtale dette. Det er også mogeleg å skaffa seg oversyn over eigne faktura frå kommunen via Innbyggjarinnsyn for faktura. Du må logga deg inn med BankID eller ei anna metode i IDPorten. Her kan du også søkja om utsetjing dersom kravet ikkje er forfalt.

Kor ofte les eg av vassmålaren?

Vassmålaren skal lesast av 1 gong pr. år. Eining for vatn og avløp sender ut SMS eller avlesingskort til kundar med vassmålar i desember, der ein vert minna om avlesing av stand på vassmålaren. Standen skal meldast inn via svar på SMS, inn rapportering via http://www.leseav.no/ eller ved retur av avlesingskort.

Eg ønskjer vassmålar, korleis går eg fram?

Ta kontakt med eining for vatn og avløp for å bestille vassmålar. Vassmålaren skal vera kommunal og abonnenten leiger denne av kommunen jfr. § 7 i Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Kvinnherad kommune.

For meir informasjon sjå kommunen si heimeside om vassmålar.

Vi har solgt bustaden, må vi melde dette inn til kommunen?

Ved sal av bustad treng ein ikkje melda dette inn til kommunen. Når tinglysinga er registert vert dette automatisk lasta ned til våre register. Kommunale gebyr vert sendt til tinglyst eigar på fakturerings tidspunktet, så dersom ein bustad / eigedom vert seld midt i ein faktura periode, må kjøpar og seljar gjera dette opp seg i mellom.

Oppbygging av vass – og avløpsgebyra

Vass – og avløpsgebyr i Kvinnherad er todelt, det består av abonnement og forbruksgebyr. Satsane for vatn og avløp vert årleg vedtatt av Kommunestyret. Gjeldande gebyrregulativ finn du på heimesida. Alle einingar som er tilknytt kommunalt leidningsnett må betala abonnement og forbruksgebyr. Forbruket er enten stipulert etter antall m² på eininga eller fakturert etter målt mengde.

Både abonnent og kommunen kan krevje at forbruksgebyret vert rekna ut frå målt forbruk.

Dersom eg ikkje har vassmålar, kva vert lagt til grunn for vass- og avløpsgebyret?

For bustader som ikkje har vassmålar vert forbruksgebyret stipulert etter følgjande inndeling;

Bustader 0 – 80 m²            150  m³ pr. år

Bustader 81 – 300 m²       200 m³ pr. år

Bustader over 301 m²       300 m³ pr. år

Fritidshus                           50 m³ pr. år

Kan eg få fritak for vass – og avløpsgebyr?

For å unngå vass- og avløpsgebyr må eininga koplast ifrå/plomberast. Det skal betalast gebyr fram til vassleidninga er fysisk fråkopla, eller kommunen har mottatt melding frå godkjent røyrleggjar om at dette er utført. Dersom ein ønskjer å kopla i frå ei eining, ta kontakt med eining for vatn og avløp.

Digital utsending av faktura frå Kvinnherad kommune, kva alternativ har eg?

  1. Avtalegiro – avtal med banken din eller via nettbank

  2. E-faktura - – avtal med banken din eller via nettbank

  3. Faktura via digital postkasse

  4. Faktura via Altinn

  5. Faktura sendt i posten

Korleis reserverer meg mot digital post frå stat og kommune?

Stortinget har vedtatt at stat og kommunar skal gå over til å kommunisere på nett med sine innbyggjarar. Som innbyggjar kan du gje beskjed om at du heller vil få vedtak og brev på papir i posten. Det gjer du ved å reservere deg her: Kontakt- og reservasjonsregisteret eller du kan ringe 800 30 300.

Ved å reservere seg betyr det at alle brev som inneheld informasjon som er viktig for deg, berre blir sendt til deg på papir, f.eks. skatteoppgjer, brev om tildeling av barnehage plass, byggjeløyve, faktura frå kommunen osv… Har du reservert deg, gjeld det for heile den offentlege sektoren, både stat og kommune.

På grunn av postgang vil du få breva seinare, enn om du loggar deg inn på ei digital plattform og ser brevet med det same det er sendt.

Korleis fjerne reservasjon mot digital kommunikasjon?

Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon og ønskjer å endre dette kan du gjere det ved å bruke denne linken: https://www.norge.no/nb/reservasjon

Klikk på boksen Fjern reservasjon mot digital kommunikasjon litt nede på sida, logg inn med bankID.

Eg har vanlegvis hatt brevgiro, kva no?

Kan fortsatt ha brevgiro, det er ein gyldig betalingsmåte. Du kan bruka tilsendt papirfaktura som er utan giro. Signer på fakturaen og før på kontonr. den skal belastast. Send inn på vanleg måte. For å unngå purring send inn brevgiro i god tid.