Beredskapen er til for å sikra innbyggjarane tryggleik i kvardagen. Innanfor helse finst ei rekkje beredskapsordningar. Mellom anna har ein ei legevaktsordning som skal sikra at ein får legehjelp dersom det oppstår eit akutt behov, det finst og planar for å handtera større utbrot av smittsame sjukdomar.

Kvinnherad Brann og Redning skal kunna handtera brannar, trafikk- og andre ulukker og er i tillegg første innsatstyrke ved akutt forureining. For å sikra mest mogleg kontinuerleg drift av viktige samfunnsfunksjonar er det ulike beredskapsordningar. Til dømes har vatn og avløp eigen vaktordning.

Kriseteamet kan nåast gjennom kommunen sitt sentralbord - 53 48 31 00 på dagtid.

Barnevernstenesta skal gje hjelp etter lov om barnevernstjenester til barn, unge og familiar som oppheld seg i kommunen. Dei kan nåast på tlf. 53 46 16 90 på dagtid. Utanom dette må ein nytta alarmtelefonen for barn og unge eller politiet sitt beredskapsnummer.

Sjå viktige telefonnummer her.