Det kan søkjast om tilskot frå kommunen sitt næringsfond. Særleg gjeld dette nyskapande prosjekt og prosjekt som fører til betre sysselsetjing i næringssvake område.

Søknader om midlar frå næringsfondet skal stilast til "Styret i næringsfondet" (formannskapet). Etter at det er føreteke ei vurdering av søknaden, vert den lagt fram for fondsstyret til avgjerd. Fondsstyret behandlar søknadane fortløpande. 

Vedtekter for næringsfondet

Vedtekne av Kvinnherad kommunestyre den 25.04.02, revidert 13.2.2014.

§ 1 HEIMEL, KAPITAL OG AVKASTNING
Fondskapitalen er:
Næringsfond på kr. 600.000,- innbetalt av Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) i medhald av konsesjonsvilkåra for Blåfalli I, oppretta ved kongeleg resolusjon av 11.09.81. Næringsfond på 2,0 mill. kr innbetalt av SKL i medhald av pkt. 2 i konsesjonsvilkåra for regulering av Midtbotnvatn, oppretta ved kongeleg resolusjon av 14.07.89. Næringsfond på 2,0 mill. kr innbetalt av Kvinnherad kommune. I tillegg har SKL og Kvinnherad kommune inngått utbyggingsavtale i samband med realiser-ing av Vik kraftverk, der SKL har betalt inn 10,0 mill. kr. Fondskapitalen skal forvaltast i tråd med kommunen sin finansstrategi og avsettjast på renteberande konto / verdipapir. Grunnkapitalen skal kvart år indeksregulerast. Avkastninga er renter etter indeksregulering av fondskapitalen. Avkastninga kan nyttast til tilskot og til ansvarlege lån på vilkår.

§ 2 FØREMÅL
Avkastninga frå næringsfondet etter indeksregulering skal nyttast til næringsføremål. Nyskapande prosjekt og prosjekt som fører til betre sysselsetjing i næringssvake område, bør prioriterast. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den løpande drifta av bedrifter. Det bør heller ikkje gjevast stønad til verksemder som mottar overføringar over statsbudsjettet. Det skal ikkje gjevast stønad til verksemder som medfører konkurransevriding i det lokale næringslivet.

§ 3 STØNADSFORMER
Frå avkastninga kan det gjevast tilskot . Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private bedrifter. Dersom det vert teikna kommunale aksjer, kan ikkje dette utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen i bedrifta. Denne avgrensinga gjeld ikkje utbyggingsselskap, utleigebygg, utleigeareal og lignende som kommunen etablerer i samarbeid med private interessentar.

§ 4 STØNADSVILKÅR
Samla stønad frå fondet til private næringstiltak skal ikkje overstige 50% av den samla kapitaltrongen til eit prosjekt. Maksimal stønad må liggja innanfor ei maksimalgrense på kr 400.000,- (50.000 ECU) til eit og same føremål i ei og same verksemd i ein treårsperiode. Verksemder som tek imot stønad pliktar å opplysa om at stønad er motteke frå næringsfondet ved søknad om evt. yttarlegare stønad frå offentlege midlar innan utløpet av treårsperoden. (Det vert vist til regelverket for offentleg stønad i EØS-avtalen, reglane for bagatellmessig stønad).

§ 5 TILHØVET TIL INTERNASJONALE FORPLIKTELSAR M.O.T. STATSSTØNAD
Bruken av fondet skal vere i samsvar med det internasjonale regelverket Noreg har slutta seg til med omsyn til stønad.

§ 6 FORVALTNING
Formannskapet utgjer er fondsstyret. Det er høve for fondsstyret til å delegere til administrasjonen å avgjere søknader innafor nærare fastsette fullmaktsgrenser. Dersom fondsstyret finn det naudsynt, kan det innafor dei godkjente vedtektene utarbeidast nærare retningsliner for sakshandsaming. Desse retningslinene må godkjennast av kommune-styret. Fondsmidlane skal forvaltast av investeringsutvalet og plasserast på renteberande papir/konto slik at midlane er lett likvide.

§ 7 ÅRSMELDING
Det skal leggjast fram ei melding om fondet si verksemd for kommunestyret kvart år. Kopi av denne meldinga skal sendast fylkesmannen og fylkeskommunen.

§ 8 GODKJENNING AV VEDTEKTER
Vedtektene kan endrast etter vedtak i kommunestyret. Vedtektene treng godkjenning av fylkesmannen. Kopi av godkjende vedtekter skal sendast fylkeskommunen. Kommunen kan påklage fylkesmannen si avgjerd til kommunaldepartementet.

Retningsliner for behandling av søknader om midlar frå næringsfondet

Vedtekne av Kvinnherad kommunestyre i møte 09.02.06, revidert 13.2.2014

GENERELT
Oppretting av næringsfondet går fram av vedtektene for fondet som er godkjende av kommunestyret 13.2.2014 og av fylkesmannen i Hordaland 24.05.02. Retningslinene byggjer på vedtektene og skal gje nærare reglar for behandling av fondsmidlane, jfr § 6.2 i vedtektene.

Næringsfondet er samansett av to deler: det statleg pålagde næringsfondet (for tida 4,6 mill) og avtalefondet frå SKL (for tida på kr 5,0 mill). Midlar frå det statleg pålagde fondet skal primært nyttast til mindre næringsprosjekt som fell utanfor andre stønadsordningar. Midlane frå avtalefondet skal nyttast til næringsutviklingsprosjekt som indirekte styrkjer næringslivet i kommunen. Utviklingsprosjekt som er forankra i kommunale og regionale planar (t.d. handlingsplan, næringsplan, utviklingsprogram) skal prioriterast.

Føremålet med næringsfondet går fram av § 2 i vedtektene, men det kan presiserast at hovudføremålet med fondsmidlane er å stimulera til oppretting av nye arbeidsplassar i Kvinnherad gjennom etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande bedrifter.

Som hovudregel skal det ikkje nyttast midlar frå næringsfondet til «bedriftsredningar». Det skal heller ikkje nyttast midlar til reine offentlege oppgåver.

STØNADSFORMER
Stønad frå næringsfondet skal vera i form av tilskot frå den årlege avkastninga frå grunnkapitalen (evt. styrka med midlar over kommunebudsjettet).

STØNADSGRENSER
Vedtektene § 4 fastlegg at stønad frå næringsfondet til private næringstiltak (bedriftsutvikling og investeringar i bedrifter) ikkje skal overstiga 50 % av den samla kapitaltrongen til prosjektet.

Avdi det er små midlar til disposisjon, vert det som hovudregel sett ei øvre grense på kr 30.000,- for tilskot til private næringstiltak.

KRAV TIL SØKNAD
Søknad må innehalda følgjande:

Utgreiing om tiltaket:
- Ide / prosjekt / gjennomføring
- Marknadsvurdering
- Arbeidsplassar
- Framtidig utvikling

Økonomi:
- Investeringsoversikt
- Finansieringsplan
- Driftsbudsjett / likviditetsbudsjett

Om søkjaren:
- Bakgrunn / kompetanse
- Referansar / ressurspersonar
- Andre ressursar.

Det skal gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt nytta til. Som hovudregel bør søknaden sendast i god tid før tiltaket vert sett i gang. Det skal òg gå fram av søknaden om det vert søkt om midlar frå andre offentlege støtteordningar.

SØKNADSBEHANDLING
Søknaden skal sendast til Kvinnherad kommune v/ Styret for næringsfondet, 5470 Rosendal.

Før søknaden vert behandla av næringsfondsstyret, skal det lagast ei tilråding. Søknadene vert handsama fortløpande så langt det praktisk let seg gjere med m.o.t møteavvikling osv.

UTBETALINGSVILKÅR
Utbetaling av tilskot skjer når det ligg føre dokumentasjon som viser at det omsøkte tiltaket er gjennomført. Tilskotet kan også utbetalast når det er eit rimeleg høve mellom det som er utført og det innvilga tilskotet (jf. vedtektene § 4 der det er krav om at tilskotet ikkje må overstiga 50 % av samla kapitalinnsats). I særlege høve kan det føretakast delutbetaling når tiltaket er delvis utført. Om titaket ikkje er oppstarta innan 1 år etter at løyvinga vart gjeven, må søknaden vuderast på nytt.

KLAGE
Fondsstyret sine vedtak er rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 og kan påklagast til kommunen si særskilde klagenemnd, jfr forvaltnigslova § 28.


Kontakt sekjson for kultur, næring og utvikling om du har trong for meir informasjon (tlf. 53 48 31 00, post@kvinnherad.kommune.no).