Kvinnherad kommune eig og driftar 8 vassverk:

  • Herøysund vassverk
  • Husnes vassverk (forsyner Husnes, Valen, Sunde og Halsnøy)
  • Hattebergsdalen VBA (forsyner Løfallstrand, Rosendal og Omvikdalen)
  • Matre vassverk
  • Sandvoll vassverk
  • Varaldsøy vassverk
  • Ænes vassverk
  • Ølve og Hatlestrand vassverk

I tillegg kjem nokre små vassverk på Utåker og Åkra. På leidningsnettet er det 7 høgdebasseng og 19 trykkforsterkar-/pumpestasjonar.

Vasstrykk

Vasstrykket i det kommunale leidningsnettet er dei fleste stader mellom 2 og 8 bar. Ved mindre trykk enn 2,0 bar etter innvendig hovudstengeventil, skal trykkauking vurderast og godkjennast. Etablering av trykkaukingsanlegg skal kostast av abonnent/utbyggjar. Ved trykk over 6,0 bar etter innvendig hovudstengeventil skal det monterast godkjent trykkreduksjonsventil. Etablering av trykkreduksjonsventil skal kostast av abonnent/utbyggjar.