Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si "Gjøa". Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 - 1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei trefarty av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar og kutterar. Samlinga inneheld teikneutstyr, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna som høyrde til på verftet.

Opningstider i 2019

18. mai - 26. mai:           Laurdag og Sundag 12.30 - 16.30
1. juni - 23. juni:              Laurdag og Sundag 10.00-18.00
24. juni - 18. august:      Dagleg 10.00-18.00

 

Elles ope etter avtale.

Ta kontakt med Kvinnherad kommune,  kulturkontoret: tlf: 53 48 31 00

ButikkenIMG_1627.JPGGjøa-modell