Dagaktivitetstilboda har som målsetnad å vere sosiale møteplasser med fokus på fysisk aktivitet, friluftsliv, kultur og hobby aktivitetar for vaksne personar som treng eit sosialt fellesskap. Dette er folk flest med utfordringar som til dømes lite sosialt nettverk, somatisk sjukdom som gjer at ein isolerer seg, personar som treng eit trygt og stabilt miljø, personar med endring i livssituasjon eller helse, arbeidsledige og sjukemelde, for å nemne noko. Her er vi alle ilag utan å ha fokus på diagnosar eller utfordringar. Vangstova aktivitetshus har eit noko lågare tempo og roligare atmosfere enn dei andre møteplassene. Det fins ingen klare kriteriar for å kunne nytte møteplassane, men ein må vere i stand til å klare seg sjølv med daglege gjeremål.
Dersom nokon har lyst å nytte seg av eit dagaktivitetstilbod, kan ein ta kontakt direkte, eller ein kan be nokon i hjelpeapparatet om å ta kontakt for seg. Dersom ein ynskjer ein individuell samtale eller å sjå lokaliteten, kan ein ta kontakt så hjelper vi til med det.
Sjå kvar einskild lokalitet for kontaktinformasjon eller sjå vår samlebrosjyre: Aktiv dagtid