Offentleg bading

Kvar vaksen kan ha med 2 barn under 12 år. Barn kan gå åleine frå fylte 12 år. Vi tek 15 stk i bassenget, og vi må vere 3 funksjonsfriske vaksne over 16 år for å starte bading. Dette er inkludert badevakten. Alle skal dusje utan badetøy og langt hår skal i strikk. Dette er viktig for å halda godt vasskvalitet, med minst muleg bruk av kjemikalier. Du må enten vaske håret eller bruke badehette. Vi har eingangsbadehetter som du kan få. Handikappgarderoben kan tingast om du treng den, dette bør gjerast i godt tid. Vi har rullestol/seng sånn at dei med nedsatt funksjon kan nytta bassenget på best mulig måte. Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen.

Opningstider

Mandag 08.50 - 09.45 12.50 - 13.45      
Tysdag 08.50 - 10.30 12.50 - 13.45      
Onsdag 12.50 - 13.45 15.50 - 16.45* 16.50 - 17.45* 17.50 - 18.45*  
Torsdag 08.50 - 09.45 12.50 - 13.45      
Fredag 08.50 - 09.45 09.50 - 10.45 10.50 - 11.45    
Laurdag 08.50 - 09.45* 09.50 - 10.45* 10.50 - 11.45* 12.50 - 13.45 13.50 - 14.45

* Kun ope mellom 1. september og 1. mai.

Prisar

  Vaksen Barn inntil 16 år
Timepris kr 120,- kr 60,-
Halvårskort kr 1200,- kr 600,-
Årskort kr 2000,- kr 1600,-

 

Treningsgrupper med fysioterapeut

For å delta i treningsgrupper med fysioterapeut må du ha henvisning frå lege til gruppebehandling i basseng. Eigenandel som ved fysioterapi. Vi har røyrslegrupper med ulik intensitet.

Lett/moderat gruppe
Gjennomrøyrsle av ledd, balanse og koordinasjon. Roleg tempo.

Aktiv gruppe
Røyrsle, styrke og kondisjon. Her kan du ta deg ut!

Vi har òg grupper for barn/unge.

Dersom du ikkje kan symja eller treng hjelp i garderoben, må du ha med eigen ledsager.

For meir informasjon, kontakt  ergo- og fysioterapitenesta.

Informasjon om leigeavtalar

Vi leiger ut timar til lag, organisasjonar, bedrifter og private grupper. Helserelaterte organisasjonar vert prioritert.  De leiger då ein fast time i veka, og har sjølv ansvar for både tryggleik og det praktiske. Ein leiger bassenget 1 klokketime inkludert garderobetid.

Prisar
Pr time: kr 700,-
Pr time med badevakt: kr 1000,-
Max 15 personar.

Ledige leigetimar haust 2018

Mandag 15 - 16 (alle veker) 19 - 21 (alle veker)        
Tysdag 18 - 19 (oddetalstveker) 19 - 21 (alle veker)        
Torsdag 17 - 18 (partalsveker) 19 - 21 (alle veker)        
Fredag 14 - 15 (alle veker) 18 - 21 (alle veker)        
Laurdag 16 - 21 (alle veker - opptatt partallsveker 11 - 12)          
Søndag 09 - 14 (alle veker - opptatt partalsveker 11 -12 ) 14 - 15 (oddeltasveker) 15 - 16 (alle veker) 16 - 17 (oddetalsveker) 17 - 18 (partalsveker) 19 - 21 (alle veker)

 

Vi er òg på Facebook. Her får du god informasjon om opningstider, prisar, ledige timar med meir. Du kan sende melding om du lurer på noko, og vi oppdaterer her om siste nytt. Lik sida vår her.

Kontakt
Varmebassenget, tlf. 53 46 16 57
Ergo- og fysioterapi, tlf. 53 46 16 50