Om skulen

Skuleåret 22/23 har Undarheim skule i underkant av 200 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Elevane våre er frå mange forskjellige nasjonar. Om lag 45 av elevane nyttar seg av skulefritidsordninga, og om lag 60 elevar nyttar tilbod om leksehjelp.

Skulen har kollektiv drift på rutinar og arbeidsoppgåver. Det sikrar at dei som er tilsett hjå oss praktiserer arbeidsoppgåver likt. Me er kring 35 tilsette som alle arbeider for at elevane våre skal oppleva ei tilpassa, inkluderande, fellesskapande og elevaktiv undervisning. Me er opptekne av at elevane skal oppleva å meistra på skulen, og at dei er i eit godt læringsmiljø.

Skulekameratar til Undarheim skule deltek på aktivitetar i løpet av skuleåret saman med fadderklassen sin. Det er 3. trinn som har oppgåva med å vere fadderklasse, og aktivitetane føregår mellom anna i klasseromma som skulekameratane vil nytta det fyrste året på skulen.

Skulen har eit stort og godt tilrettelagt uteområde, med leike-/aktivitetsapparat til stor glede for elevane våre. Me nyttar òg nærområdet  til turar og uteskule.

Det er vedteke å byggja ny barneskule for skulekrinsen. Denne skal stå ferdig i 2024/2025, og elevar og tilsette har delteke i utformingsarbeidet av den nye skulen.

Råd og utval

FAU Undarheim skule – 2022/2023