SØKNAD OM LØYVE TIL MOTORFERDSEL I UTMARK

Køyring med motorisert køyretøy i utmark bli regulert gjennom motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Føremålet med denne lova er å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen.

Med motorferdsel meiner ein bruk av køyretøy (bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøscooter og linknade) og båt eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor.

Med utmark meiner ein udyrka mark slik utmark definert i friluftslova § 1 a. I tillegg er til dømes kulturbeite og skogplantefelt som ligg i utmark rekna som utmark. Skogsvegar og andre vegar i utmark vert òg rekna som utmark, og kan ikkje køyrast på utan at ein søkjer om løyve.

Kommunen kan gje løyve til bruk av motorkøyretøy (bil, traktor, ATV, snøscooter), motorbåt eller fly/helikopter om søkjeren påviser ei særskild trong som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan dekkjast på annan måte. Nytten skal vurderast opp mot skadar og/eller ulemper ferdselen kan medføra.

Søknaden må sendast kommunen i god tid før køyringa. Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg, og gjev som regel svar på slike søknader i løpet av ei vekes tid. Det kan variere litt mellom dei ulike sakene og kor lang tid det er til køyringa skal gjennomførast. Kvinnherad kommune nyttar digitale skjema frå Kommuneforlaget, og dei er utforma slik at dei kan nyttast i mange kommunar. I dette skjemaet finn du eit valfritt felt for nærare forklaring av ferdselsområde, men me ber om at dette òg vert fylt ut (i tillegg til kartskisse), då det vil hjelpa i handsaming av saken. Søknadar som ikkje har kartvedlegg med innteikna køyreruter/landingsplassar vert sett på som ufullstendige. Det er difor særs viktig at eit godt leseleg kart vert lagt ved søknaden.

Søknad sendast elektronisk her

Kart kan de henta frå kommunekart.com

Myrdalsvatnet

SØKNAD OM LØYVE TIL NYDYRKING

Ynskjer du å dyrke nye areal til jordbruksføremål? Då må du søkje kommunen om løyve, jamfør forskrift om nydyrking § 4.

Før du søkjer, kan det vere lurt å ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.

Det er fleire tema som må vurderast i ein slik søknad:

  • Om det er ynskjeleg å styrkje driftsgrunnlaget til garden
  • Om nydyrkingstiltaket legg til rette for gode løysingar
  • Naturmangfaldslova
  • Kantvegetasjon

Meir informasjon om søknaden finn du hjå Landbruksdirektoratet.

Søknadskjema for nydyrking finn du her.

Balling

SØKNAD OM LØYVE TIL Å BYGGE LANDBRUKSVEG

Ynskjer du å byggje ein veg på garden, må du søkje om å få byggje vegen. Om landbruksvegen utgjer over 50 % i veganlegget, blir søknaden handsama gjennom forskrift planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Landbruksvegar er bilvegar og traktorvegar som blir bygd i samsvar med normalar for landbruksvegar som er fastsett av departementet. Har vegen under 50 % landbruksnytte, skal vegen handsamast etter plan- og bygningslova (pbl.). Uansett skal det gjerast vurderingar etter naturmangfaldslova.
Landbruksdirektoratet har laga ein nyttekalkulator som kan vere nyttig og er til hjelp for å finne kva regelverk nettopp din veg kjem under. Det er og laga ein kalkulator for å finne lønsomheita.

Bygging av nye og ombygging av eldre landbruksvegar er heimla i skogbrukslova og jordlova.

Les meir om landbruksvegar her. Søknadsskjema knytt til landbruksvegar er herSkal du søkne om å få bygge veg brukar du skjema nr. LDIR-902.

Landbruksveg

SØKNAD OM KONSESJON ved overtaking av eigedomar

Konsesjon tyder løyve til erverv av fast eigedom. "Erverv" er eit felles nemning for alle måtar ein kan overta ein eigedom på; kjøp, arv, gåve og liknande. Fast eigedom kan til dømes vera hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.

Målet med lova om konsesjon er å oppnå eigar- og brukstilhøve som er til det beste for samfunnet. Lova byggjer på at areal er ein knappheitsressurs som det er viktig å bruke og fordele på ein samfunnsmessig forsvarleg måte. Det er framleis slik at ikkje alle bruksoverdragingar treng handsaming etter konsesjonslova. Mellom anna er ikkje konsesjon naudsynt når ervervaren er i slekt med eigar (jamfør § 5).

Om ein ikkje ynskjer å busteje seg på eigedomen, må ein etter gjeldande konsesjonslov søkje om konsesjon. Det kan ikkje søkjast om fritk frå buplikta, men buplikt kan setjast som eit konsesjonsvilkår.

"Ved erverv av bebygd eiendom hvor fulldyrka og overflatedyrka jord er mer enn 35 dekar, eller eiendommen består av mer enn 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfriheten etter 1. pg 2. ledd i § 5, betinget av at erververen bosetter seg på eiendommen innen ett år og selv bebor den i minst 5 år".

Grensa for konsesjonsfri omsetnad på busette eigedomar har auka til 100 dekar totalareal, på vilkår av det fulldyrka og overflatedyrka jorda ikkje er meir enn 35 dekar (endra i 2017).   NB: Kvinnherad kommune vedtok i juni 2019 at denne arealgrensa i Kvinnherad er 20 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. 

Ved overtaking av ikkje busette eigedomar som er meir enn 2 dekar, må overtakar sende inn eigenfråsegn til kommunen, som førar fråsegnet inn i matrikkelen til Statens Kartverk. Les meir om dette på Kartverket si heimeside.  

Skjema for søknad om konsesjon og eigenfråsegnskjema, finn ein på heimesida til Landbruksdirektoratet. Skal du søkje om konsesjon brukar du skjema LDIR-359. Skal du sende inn Eigenfråsegn om konsesjonsfritak brukar du skjema LDIR-360. NB: Kvinnherad kommune har ikkje nedsett konsesjonsgrense.

Les meir om konsesjon her, og har du fleire spørsmål, ta kontakt med kommunen sitt landbrukskontor.

Tun_sau  Tun_Gul_Løe2