Graveløyve

Retningslinjene er utarbeida av kommunane Etne, Karmøy, Kvinnherad, Odda, Stord og Ullensvang, og ein kan lesa dei ved å trykkja her.

For å søkja om graveløyve nyttar ein skjema: Søknad om graveløyve.pdf. Saman med søknadsskjema må det leggjast ved eit kartutsnitt som viser grøft i målestokk 1:1000 og ei skisse over grøfta som visert djupne, plassering og tal på kablar  og omfylling. Dersom det er fleire typar grøfter, så lagar ein eit snitt for kvar grøft.

Når arbeidet er utført skal entreprenøren fylla ut skjema Entreprenøren sin eigenkontroll og ferdigmelding ved arbeid på veg.pdf og sende dette inn.

Arbeidsvarsling

Før eit gravearbeid på eller langs kommunal veg kan setjast i gang, må ein ha godkjent graveløyve og godkjent arbeidsvarslingsplan. Utførande entreprenør skal fylla ut og senda inn arbeidsvarslingsplanen til godkjenning hos kommunen. Skjema for arbeidsvarslingsplan finn du her.

Når arbeidet er ferdig skal entreprenøren senda inn loggbok for utsetting / inntaking av sikrings- og varslingsutstyr.

Utfylt skjema vert å senda til:
Kvinnherad kommune
Eining for veg og park
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Eller på epost.