Hilde E redigert

Ordførar

Ordførar i Kvinnherad kommune er Hilde Enstad. Ho representerer Arbeidarpartiet og har vore ordførar i kommunen sidan 28.oktober 2021.  

Ho overtok vervet etter Hans Inge Myrvold som var ordførar frå 24.oktober 2019. Etter Stortingsvalet 2021 vart han vald inn som stortingsrepresentant, og fekk innvilga fritak frå ordførarvervet i kommunestyret 28.oktober 2021. 

Ordføraren vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre. I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisera arbeidet i formannskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett kommunedirektør, har ansvaret for å leia administrasjonen og for utgreiing av saker som vert lagt fram for dei folkevalde. 

Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen og deltek i små og store hendingar. Ordføraren har kontor i rådhuset. 

Leif Sverre redigert

Varaordførar

Varaordførar Leif Sverre Enes (H) er avløysar for ordføraren og tek over ordføraren sine funksjonar i høve ferieavvikling, permisjonar, sjukdom og liknande.