NB! Oppdatert informasjon om Koronavirus frå 13.05.2020 (klikk på lenka for å opne dokument): Informasjon til støttekontaktar - Koronavirus per 13.05.20.pdf

Aktiv fritid er eit tilbod til personar over 18 år som av ulike grunnar treng hjelp for å oppleve ei meiningsfull fritid og samver med andre.

Tenesta vert organisert som individuell støtte-/treningskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe eller individuelt tilbod i samarbeid med frivillig lag/organisasjon. Den som ynskjer Aktiv fritid må søkje til Kvinnherad kommune, der det vert fatta vedtak etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester» § 3 - 1 og 3 - 2 pkt 6b. Vedtak vert gjort ut frå ei individuell vurdering, med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer og behov.

Skjema finn du her:
Søknad om Helse- og omsorgstenester.pdf

Meir informasjon om støttekontakttenesta kan du lese i Helsedirektoratet sin informasjonsbrosjyre.

Utbetaling av godtgjersle:

Utbetaling av godtgjersle vert gjort den tolvte i kvar månad i tråd med avtalen.

Godtgjeringa er frå 01.01.21 på kr 185 per time.

Kvinnherad kommune nyttar seg frå og med mars 2019 av digitale timelister. Rettleiing i bruk av desse er å finne her: Rettleiar digitale timelister

​Vi ynskjer at flest mogleg nyttar seg av dei digitale timelistene, men det er framleis mogleg å nytte dei gamle i papir. Desse ligg her: Timeliste for oppdragstakar i Aktiv Fritid

Aktiv Fritid logo.png

Vil du bli støttekontakt?

Kvinnherad kommune har til ei kvar tid behov for støttekontaktar i alle aldrar og over heile kommunen. Dersom du kan tenkje deg å bidra til å skape ei meiningsfull fritid for andre kan du søkje om å bli støttekontakt.

Per juni 2021 søkjer kommunen særskilt etter personar som kan ta på seg ulike oppdrag, les meir om dette her: Utlysing etter støttekontakt juni 2021.pdf

Skjema finn du her:
Søknad om å bli støttekontakt.pdf

Kontakt

Ingvild Marie Hilde
Tlf. 953 01 132
 
Rita Handeland (Anne Berit Sætre frå sommar 2021 og inntil vidare)
Tlf. 909 90 861
 
Postadresse 
Aktiv fritid
Postboks 254
5480 Husnes