Om bustaden
Bustaden ligg på solkysten like nord for Alicante, Jardin Foya Blanca, like ved Reuma Sol og ca. 15 min. kjøring frå Solgården. Den ligg i eit bustadsenter med 65 andre bustader. Bustaden og heile området rundt er tilrettelagt for rullestol.

Storleik: ca. 70m2 med 2 soverom, 3 toalett m/dusj, samt kjøken, stove og uteplass.

Tilbod
Senteret har basseng ute, resepsjon og restaurant. Tilbod på Reuma Sol kan og nyttast og ligg berre 3 min. gange frå bustaden. Der er det ein liten matvarebutikk, dei har varmebasseng og ein kan få fysioterapiteneste dersom dei har kapasitet. Fysioterapi må betalast når de er der. Har de godkjent rekvisisjon frå Nav, krev de kostnaden refundert når de er komen heim.

Kommunen har kontakt med CostaBlanca nursing, som yter teneste som heimesjukepleie og transport om det er trong for dette. Dei er norske.

Det er 10 min. kjøring med bil til strand, Albir eller Altea, 5 min. kjøring/20 min. gange til butikk.

Målgruppene for bustaden

  1.  Innbyggjarar i Kvinnherad kommune som er brukarar/søkjarar til kommunale pleie- og omsorgstenester, helse- og rehabiliteringstenester.

  2. Kommunalt tilsette som er sjukemelde, eller tilsette som vil ha nytte av eit rekonvalesens-/rehabiliteringstilbod.

  3. Kommunalt tilsette, tidlegare tilsette(pensjonistar), som ynskjer å nytta bustaden til ferie, rekonvalesens.

Lengda på opphald
For gr. 1 og 2, kan eit opphald vare frå 3-4 og opp til 6-8 veker. Lengda vert vurdert ut frå nytte og framgong i høve til trening/rekonvalesens.
For ferieopphald er opphaldet avgrensa til maks. 2 veker.

Økonomiske vilkår
Utleigepris for ei veke kr. 2500,- for gruppe 1 og kr. 3000,- for gruppe 2 og 3 i målgruppa for bustaden. Reise tur/retur og kost kjem i tillegg.

Søknad om å få nytta bustad vert å senda til :
Rosendalstunet Nesvegen 51, 5470 Rosendal

Epost: ellen.korsvold@kvinnherad.kommune.no

Søknadar vert vurdert fortløpande. Brukarar i gruppe 1 må kunne reservera leilegheita inntil eitt år før utleigedato. Dersom fleire søkjer om opphald i same tidsrom, vert bustaden fordelt etter loddtrekning.

For nærare informasjon ta kontakt med 
Ellen Korsvold, tlf. 53 47 59 33 / 957 68 175 eller Leif Kongestøl, tlf. 53 47 59 38