Kvinnherad kommune har eit lågterskeltilbod til kreftråka og deira pårørande. Kreftpasientar skal få god støtte frå kommunen.

Me har fleire helsearbeidarar med spisskompetanse i kreftsjukepleie og palliasjon, som koordinerar og legg til rette kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.

Viss du opplev kreftsjukdom og treng bistand til noko, eller berre ynskjer å ha nokon å snakke med, kan du ta kontakt med kreftsjukepleiar, Marit Sjøvangen. Kreftsjukepleiar er å nå på dette tlf: 94 84 61 23 onsdagar kl. 08-15.

Ved behov utanom kreftsjukepleiar si kontortid, kan du ta kontakt med vurderings- og koordineringseining i sektor omsorg helse og sosial på tlf: 99 35 84 67 kl. 08-15.

Les brosjyren vår her