Vassverksdrifta er finansiert med gebyr. Satsane vert fastsett av kommunestyret. Gebyrsatsane for drikkevatn og avløp finn du på sida Regelverk og gebyr.

Dersom du vil knyta deg til offentleg vassforsyning eller avløpsinnsamling må du engasjera ein godkjent røyrleggjar som må senda oss ein søknad om dette. Etter tilknytinga er gjennomført skal røyrleggjaren fylla ut skjema "Ferdigmelding av arbeid på vass- og avløpsanlegg". Dersom tilknytinga inneber avvik frå kommunen si VA-norm skal dette søkjast om på skjemaet "Søknad om dispensasjon frå VA-norma". 

Alle skjema skal sendast: post@kvinnherad.kommune.no 

Alle skjema finn du på sida Skjema.