Åpningstid: Mandag til fredag 8 - 15

Besøksadresse: Rådhuset, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Telefon: 53 48 31 00

Organisasjonsnr: 964 967 636

Førespurnadar og spørsmål

Kontakt Innbyggjarservice​

E-post: innbyggjarservice@kvinnherad.kommune.no

Telefon: 53 48 31 00

Chat: Trykk på chatbobla nede til høgre.

Hos innbyggjarservice kan du få informasjon og rettleiing til alle tenestene i kommunen. Vi har publikums-PC tilgjengeleg som du kan bruka til å levere søknadar. Om du lurer på noko, er det berre å spørja. Innbyggjarservice har høg kompetanse på organisasjonen og viser deg til rett instans ved behov.

Send post til Kvinnherad kommune

Send elektronisk post

Epost: post@kvinnherad.kommune.no

eDialog (sikker e-post) til: Kvinnherad kommune 

eDialog (sikker e-post) til: PPT

eDialog (sikker e-post) til: Barnevernet

Les meir om eDialog her.

Send papirpost til
Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10 
5470 Rosendal

Post over disk
Om du ønskjer å levere post over disk, er raskaste veg til sakshandsamar å levere posten på rådhuset. Her er det kort veg til kommunen sitt arkiv.

Tenk på følgjande før du sender post til oss
All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje går under teieplikt. All post som er offentleg kjem på postlista. Det betyr at du kan finne brevet ditt omtala, sitert eller gjengjeven i sin heilskap i avisa eller i nyhende. Ikkje send sensitive opplysningar via e-post, då dette ikkje er ei trygg forsending. Den kan verte henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse og liknande. Bruk sikker innlevering av post med eDialog.

Fakturadresse

Elektronisk fakturaadresse
964967636

Informasjon om faktura til Kvinnherad kommune

Post til deg

Kvinnherad kommune sender posten elektronisk. Posten går til den postkassa innbyggjaren har valgt om det er Altinn, digipost eller eBoks. Verksemder og organisasjonar får all elektronisk post i Altinn.

Innbyggjar
Som innbyggjar anbefaler vi deg å opprette digipost eller eBoks, slik at du mottar posten i di eiga digitale postkasse. Dei fleste offentlege verksemder sender meir og meir post til digipost eller eBoks, slik at du vil ha god nytte i tida som kjem av å ordne dette. Her kan du opprette digital postkasse.

Om du veljer å få posten i Altinn, vil den bli sendt til deg på papir om du ikkje hentar den digitalt innan to dagar. Å få posten på papir vil ta noko lengre tid enn om du mottar den elektronisk.

Ønskjer du ikkje å vere digital kan du reservere deg i kontakt- og reservasjonsregisteret ved å logge på www.norge.no eller ringe 800 30 300.

Verksemder
Verksemder og organisasjonar mottek all elektronisk post i Altinn og kan heller ikkje reservere seg. Det er dagleg leiar eller styreleiar som er tildelt roller i Altinn, men ved å delegere roller kan ein styre kven som kan hente post i Altinn på vegne av verksemda/organisasjonen.