Du vurderer kanskje å bryte ut av ein valdelig relasjon, eller kanskje du allereie har gjort det og treng nokon å snakka med? Du kan ta direkte kontakt med kommunen sitt krisesentertilbod, utan henvisning eller timeavtale. Krisesentertilbodet er gratis og tilgjengeleg heile døgeret.

Krisesentertilbodet kan mellom anna tilby:

  • Støtte og praktisk hjelp

  • Råd og rettleiing

  • Hjelp til bearbeiding

  • Informasjon om rettigheiter og moglegheiter

  • Advokatbistand

  • Formidla kontakt med offentlege instansar

  • Mellombels butilbod i trygge omgjevnadar
     

Krisesentertilbodet har taushetsplikt!
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Du kan vere anonym.

Målgruppe
Kvinner, menn og barn som er utsatt for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar.

Lovverk
Dette er ei lovpålagt teneste jf. Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova).

Kontakt

Krisesenter vest IKS avdeling Stord                 53 41 12 12

Krisesenter vest IKS avdeling Haugesund       52 72 98 84

E-post:                                                            post@krisesentervest.no

Nettside:                                                         krisesentervest.no


Andre nyttige lenker
www.dinutvei.no
Finn nærmeste krisesenter
Lov om kommunale krisesentertilbud
Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet