Kvinnherad kommune eig og driv 3 avløpsreinseanlegg:

  • Jonatangen RA i Rosendal
  • Risnes RA på Husnes
  • Valen RA i Valen

På avløpsnettet er det 18 slamavskiljarar og 25 avløpspumpestasjonar.

Kva SKAL IKKJE kastast i do?

Vi set stor pris på om abonnentane ikkje kastar kva som helst i do. Det viser seg at det av og til vert kasta ting i do som skal kastast i avfallsdunken. Ting som kan tetta avløpsrøyra eller på annan måte laga problem skal ikkje kastast i do. Det kan til dømes vera filler, bleier o.a. Meir om dette kan du sjå på nettsida dovett.no