![]() |
Tilja på Tustna. Foto: I. Eik |
HUGS: Bandtvang for hund 1. april til og med 20. august
Kvinnherad kommune har si eiga Forskrift om bandtvang for hund. I Kvinnherad kommune skal hundar haldast i band heile året - på kyrkjegardar, gravplassar, skular, barnehagar, leikeplassar og badeplassar, alle anlegg for idrett og sport og i Fatlandskogen aktivitetsområde på Halsnøy.
I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal alle hundar haldast i band eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt.
I tillegg til den ordinære bandtvangstida, er det også bandtvang i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 1. november i dei områda der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.
I tillegg til den ordinære bandtvangstida, er det også bandtvang i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 1. november i dei områda der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.
![]() |
Inn på tunet-møte mars 2023 |
Positivt informasjonsmøte om Inn på tunet
Det vart 22. mars invitert til informasjonsmøte om Inn på tunet (IPT). Representantar frå heile 11 gardsbruk var med og fekk nyttig informasjon frå Ragna Flotve frå Statsforvaltaren i Vestland. Med på møtet var også representantar frå offentlege etatar, som kan vera kjøparar av slike tenester. Deltakarane fekk informasjon om IPT, godkjenningsprosess, HMS, kvalitet i tilbodet og Inn på tunet-skulen. Mange spørsmål og gode innspel kom fram i møtet.
Det vart bestemt at vi fortset med nytt møte før sommaren og meir informasjon om dette vil komma.
Det vart bestemt at vi fortset med nytt møte før sommaren og meir informasjon om dette vil komma.

Informasjonsmøte om Fri Kalv-prosjektet
Tysdag 28. mars kl. 18.00 i kommunestyresalen, Rådhuset, Rosendal
Arve Aarhus (NINA/Utmarksavdelinga Vest as) skal fortelje litt om resultata frå Frikalv-prosjektet 2020-2022 samt vurdering av bestandstilstanden for hjortebestanden i området.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne.
Etter infomøtet blir det årsmøte Søre Kvinnherad og Åkrafjorden bestandsplanområde hjort.

foto: Leiv Trygve Varanes

Viltforvalting
Leiv Trygve Varanes overlet no stafettpinnen for viltforvaltinga til Francesca Galdiolo og Kjetil Mehl

NY SKOGBRUKSPLAN I KVINNHERAD OG ETNE
No er ny skogbruksplan klar for bestilling!
Alle skogeigarane skal få eit brev med info i postkassen.
Bestillinga kan gjerast på nett
Bestillinga kan gjerast på nett