Tekniske hjelpemiddel har som føremål å bidra til at born, vaksne og eldre med funksjonsvanskar skal meistre kvardagen sin mest mogeleg sjølvstendig og elles kunne delta i samfunnet. Hjelpemiddel kan også nyttast for å lette pleie av sjuke og dei med nedsett funksjonsevne. 

Korttidslån frå kommunen 

Ved akutt eller midlertidig behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har dei vanlegaste hjelpemidla til forflytning og primære behov. Eksempel er rullator, toalettforhøgar, dusj/ toalettstol, manuelle rullestolar o.l. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie-og omsorgstenesta kan formidle behov til lokalt hjelpemiddellager. 

Varig lån frå NAV Hjelpemiddelsentral 

Er behovet for hjelpemiddel varig må du søkje til NAV og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan gje deg bistand til å vurdere hjelpemiddelbehovet og skrive ein søknad til Hjelpemiddelsentralen. 

Pris for tenesta

Lån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager er gratis. Lån frå NAV Hjelpemiddelsentral er i hovudsak gratis. Nokre hjelpemiddel for trening og aktivitet har ein eigendel, men dette vert opplyst når det er aktuelt. 

Utlevering, innlevering og reparasjon 

Hjelpemiddelteknikarar i kommunen har ansvar for utlevering, montering, enkle tilpasningar og reparasjonar av tekniske hjelpemiddel. Når hjelpemiddelet er tilgjengelig for utlevering vert du kontakta for nærare avtale. Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Vi vil sørge for at hjelpemiddelet vert henta. Er hjelpemiddelet ditt øydelagt kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Dei tek kontakt med hjelpemiddelteknikar som avgjer om hjelpemiddelet kan reparerast lokalt eller om det må sendast inn til Hjelpemiddelsentralen for reparasjon. 

Kontaktinformasjon hjelpemiddelteknikarar:

Rolf Hunstad - Tlf. 907 33 290

Gunnar Leite - Tlf. 928 09 267

Jarle Bruntveit - Tlf. 488 67 095

 

Tryggingsalarm

Bur du heime og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Alarmen ber du på deg heile døgnet. 

Målgruppe 

  • Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine
  • Heimebuande som har behov for bistand/tryggleik pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt 
  • Om du treng bistand til utfylling av skjema kan du få hjelp av pleie- og omsorgstenesta der du bur

 

Søknadsskjema finn du her.

Hjelpemiddel for røyrsle

Dette er hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne som gjev vanskar med å klare daglege aktivitetar som forflytting, personleg stell, matlaging, ete og drikke, husarbeid m.m. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege. 

Kognitive hjelpemiddel

Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planlegge og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel. 

Kommunikasjonshjelpemiddel

Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette. 

Høyrselshjelpemiddel

Du treng utgreiing hos spesialist for å få høyrslehjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist. Du kan også kontakte høyrslekontakt i kommunen for råd og praktisk hjelp. 

Høyrslekontaktane i kommunen kan hjelpa med  

  • Kartlegging og formidling av høyrseltekniske hjelpemiddel  
  • Tilpasning og opplæring i bruk av høyrseltekniske hjelpemiddel 

Høyrselkontaktar i kommunen har vi i:

  • Rosendal - Annbjørg Enæs tlf. 916 67 075
  • Husnes - Elsa Helland tlf. 975 84 817

 

Synshjelpemiddel

Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist. 

Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT) kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel. 

Ergoterapeut i kommunen kan gje bistand i å søkje utprøving frå Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT).