Tenesta omfattar 

  • Undersøking, vurdering og behandling av barn med avvikande eller sein motorisk utvikling 
  • Undersøking, vurdering og behandling av barn grunna skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne. 
  • Rettleiing og råd til foreldre, barnehagar og skular med tanke på å ivareta og stimulere barnet si motoriske utvikling 
  • Bistand i samband med å prøve ut, søkja om og tilpasse hjelpemiddel 

Tilvising / kontakt 
Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut eller ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten per telefon, ved å henvende deg direkte på besøksstad  

Pris for tenesta 
Born under 16 år har rett til gratis fysioterapitenester. Etter 16 år gjeld takstar for fysioterapibehandling. Kommunale ergoterapitenester er gratis.