Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor eller fastlege. Me tilrår å kome til ein rettleiingssamtale med jordmor tidleg, og deretter følgje svangerskapsprogram.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og vegleiing vil me gi støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møte den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar.

Me har tilbod om svangerskapskurs fortløpande og etter innmeldt behov. Jordmortenesta kan også tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon. Jordmortenesta har følgjeteneste knytt til fødsel, og kontinuerleg vaktordning. Informasjon om kven som har jordmorvakt, får ein ved å ringe til legevaktsentralen på telefon
116 117.

Kontakt
Hildegunn Aarthun
Tlf. 916 34 021
Irene Haavik
Tlf. 977 86 549
Idun Mehl
Tlf. 959 33 579