Om skulen

Bringedalsbygda er ein 4-delt skule med 65 elevar som ligg i Herøysundet, ei bygd om lag midt i Kvinnherad kommune. Skulen er skjerma for trafikk, og har eit stort og trygt uteområde der ein finn både skog og bakkar i tillegg til oppsette leikeapparat og ballbinge. I tillegg har vi to grusbanar til disposisjon, der det er planar om kunstgras på den eine. Vi har og ei jungelløype som er mykje brukt.

Skulen ligg tett på fjord og fjell, og naturen vert nytta til turar og undervisning gjennom heile året. Vi har eit godt samarbeid med foreldre og bygda generelt. Eit aktivt FAU jobbar kontinuerleg for å gjere rammevilkår for elevane betre.

Skulen arbeider heile tida for å skape eit trygt og godt miljø for elevane våre. Dette gjennom stort fokus på synlege trygge vaksne, elevmedverknad gjennom elevråd og trivselsleiarar. Bringedalsbygda skule er, og skal vera, ein god skule å gå på.