Avløysing ved ferie og fritid

avløysartilskot

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning som skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av arbeidskraft som blir leigd inn. Ordninga skal bidra til «et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp» (jf. forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1).

 MEIR INFORMASJON PÅ LANDBRUKDIREKTORATET SINE SIDER

Avløysing ved sjukdom

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.

Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få tilskot i etterkant av bondens dødsfall.

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bondens næringsinntekt frå jordbruk- eller gartneri. I tilskotet skal det gjerast frådrag for dei inntektene den avløyste hadde, eller kunne ha hatt, i søknadsperioden. I tilskot til attlevande i etterkant av bondens dødsfall, skal det ikkje gjerast slikt frådrag.

MEIR INFORMASJON PÅ LANDBRUKSDIREKTORATET SINE SIDER

 

Landbruksvikar

Landbruksvikarane skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga/Landbrukstenestene har ansvar for at det er landbruksvikarar tilgjengeleg når det er behov for det.

MEIR INFORMASJON PÅ LANDBRUKSDIREKTORATET SINE SIDER

Sjukepengar

Sjukepengeordninga skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden.
NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV.

Sjølvstendig næringsdrivande får i utgangspunktet rekna ut sjukepengar frå 75 prosent av sjukepengegrunnlaget sitt. Sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar sørgjer for at denne gruppa får sjukepengane rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden.

For å få sjukepengar må jord- og skogbrukarar oppfylle dei vanlege vilkåra for rett til sjukepengar i folketrygdlova. Dette inneber mellom anna at:


- Jord- og skogbrukaren må vere arbeidsufør på grunn av funksjonsnedsetting som klart kjem av eigen sjukdom eller skade.

- Inntektsgrunnlaget for sjukepengar utgjer minst femti prosent av grunnbeløpet.


- Jord- og skogbrukaren tapar pensjonsgjevande inntekt på grunn av at han er arbeidsufør.

I tillegg er det krav om ei næringsinntekt frå jord- eller skogbruk på minst 8 000 kroner som utgjer minimum 20 prosent av samla nettoinntekt.

På NAV sine heimesider finn du reglane i folketrygdlova om sjukepengar for jord- og skogbrukarar skildra nærmare .

MEIR INFORMASJON PÅ LANDBRUKSDIREKTORATET SINE SIDER

Tidlegpensjon

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere til nyrekruttering.

MEIR INFORMASJON PÅ LANDBRUKSDIREKTORATET SINE SIDER